Jump to content

Lage fester i båt, slik at den kan henges på davit


larole

Recommended Posts

Hei

 

Her vil eg fortelja korleis eg løyste same problemet på vår River 350.

River er laga av "bøtteplast"/rotasjonsstøypt plast nett slik som steadyjolla til trådstartar.

 

Eg fekk den lokale "Mr. Fixit" til å kappa til to like stålplater ca. 10*10 cm, og bora 3-4 små hol på kvar sida.

 

Deretter brukte eg ein holbor på 6-7 cm i diameter, og borte eit hol på kva sida akter. Då kom eg til på innsida. Ved sida av desse hola monterte eg ein øyebolt. Dei store hola brukte eg til å koma til med fastnøkkel/pipa m. skralla på innsida.

 

Deretter skrudde eg ovanfor nemnte stålplater fast over hola til tilkomst.

 

Eg brukte Sika eller Tech 7 til å hindra vatn i å koma inn gjennom skruehol, eller mellom stålplatene og skroget.

 

Jolla vår har eit stuerom under setet i baugen, så der monterte eg ein øyebolt på kvar sida gjennom skottet.

 

Mellom øyeboltane monterte eg ein stubb syrefast kjetting. Ein sjakkel på midten av kvar kjetting blir brukt til auga til å festa karabinkrokane frå davitane.

 

Det er viktig med store skiver på innsida.

 

Dette har funka fint i 14 år. Ein gong har eg demontert alt, og hatt på ny Tec 7.

 

Eg plar drenera litt vatn, frå dobbeltskroget, kvar haust.

 

Dersom eg skulle gjort dette ein gong til ville eg gjort det på same vis, men bora det store holet høgare oppe/ nærare rekka, så det ikkje står under vatn om det er mykje vatn i båten.

 

Eg håpar dette er til hjelp. Lykke til.

 

Ask

 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...