Jump to content

Motordata og NMEA2000 til plotter og brett / PC


MRG

Recommended Posts

Har lest mange innlegg her om dette temaet, men eindel av desse begynner å "dra på åra" og er usikker på kva som er relevant idag.

Er relativt ny med NMEA nettverk og har nokon problemstillingar som eg reknar med andre her inne har svar på.

 

Har 2x Volvo Penta D6-370 frå 2009. På turteljarar får ein opp digital visning av temperatur etc inkludert forbruk pr time og pr NM samt trip-informasjon.

Får også opp dybde/fart/sjøtemp frå eigen givar. Fart er også på eige "knop-instrument" med viser frå  Volvo.

Men denne informasjonen har eg ikkje på plottaren (Raymarine). 

 

Sidan tripinformasjon vert vist reknar eg med software er oppdatert med denne opsjonen.

 

Kva er best og/eller billegast måte å få motordata vidare til plottar?

Når eg først er igang kunne eg og tenkt meg mogelegheit å få info på nettbrett eller PC.

 

Eg har foreløpig sett desse alternativa:

-Volvo easy connect kombinert nmea gateway og bluetooth interface

-Volvo NMEA2000 gateway (utgått og erstatta av easy-connect?)

-Yacht devices motordata gateway

-Evt i kombinasjon med "boks" som sender data trådlaust

 

Eit viktig spørsmål er om volvo easy connect kun formidlar motordata via bluetooth, eller også anna data på volvo-displayet som sjøtemperatur og dybde?

Kva med evt AIS tilkobla? Vil også GPS-signalet frå plottar kunna nyttast vidare på PC med samme tilkobling?

 

Dersom ein har "boks" som sender data trådlaust via WIFI kan vel ikkje pc/nettbrett vera tilkobla anna wifi for internett samtidig?

 

 

Anna elektronikk er frå 2010:

2xRaymarine C125

Raymarine VHF

Raymarine autopilot med 2x ST70 panel

Raymarine radar

 

 

 

 

Link to post

Hei MRG! 
Godt beskrevet og godt spurt! 

Jeg kan nok ikke gi deg svar på alle spørsmålene i tråden din, men her i hvertfall min anbefaling til deg og andre, i forhold til Easy Connect; 

 

Kjøp deg Volvo Penta Easy Connect og koble denne til kartplotter via NMEA2000.
Jeg kjenner ikke Raymarine sine plottere veldig godt, så jeg er usikker på hvilken informasjon du får opp på denne, men jeg antar at du vil få mye av den samme informasjonen som jeg får opp. 
Jeg har selv kjøpt Easy Connect til min D6-350AB fra 2005, på bakgrunn av at jeg savnet digital motordata opp til plotter. 
I og med at jeg har D6 fra 2005, så har denne kun analoge instrumenter for all info, med unntak av motortimer som vises digitalt i det analoge turtellerinstrumentet. 
Nøyaktig og digital info vises nå på min Garmin 1222XSV plotter, og jeg får opp data som hastighet, turtall, reelt drivstofforbruk liter per time og nautiske mil, snittforbruk drivstoff, kjølevæsketemperatur, oljetemperatur, oljetrykk, turbotrykk, gjenværende drivstoff i liter og prosent (dette krever kalibrering etter hver tanking) samt tiltnivå på drev. 

I kitet så får du med et Y-stykke som du kobler EasyConnect til og inn i X5 Multilink i motorenes EVC-bokser, og du kobler deretter Easy Connect boksens NMEA2000 kabel inn i et NMEA2000 nettverk som kobles videre opp til plotter. 
I tillegg har Easy Connect bluetooth så du kan koble telefonen eller nettbrettet ditt opp mot denne og få blant annet informasjon i vedlagt bilde opp i Easy Connect appen til Volvo Penta. 
 

Uansett hva du ender opp med av utstyr så ønsker jeg deg lykke til! ??

CF3FB63C-1168-499B-B82E-9902F4FAC594.png

Link to post
enslagsgjest skrev for 2 timer siden:

 

Endå fleire alternativer altså....

 

blir dette det samme som denne leverandøren?

nmea til wifi adapter: https://seatronic.no/yacht-devices-nmea2000-wifi-gateway-seatalkng

eller nmea til ethernet adapter: https://seatronic.no/yacht-devices-yden-02r-nmea-2000-ethernet-gateway-seatalkng

 

(og denne for å koble til motor: https://seatronic.no/yacht-devices-ydeg-04n-motordata-gateway-j1939-til-nmea2000-micro-c)

 

 

Link to post

Ser at eg ved ein feil har skreve feil plottermodell i mitt fyrste innlegg.

Skal vere 2x C120w

Altså generasjonen før C125...

 

Men trur ikkje det skal bety noko for konklusjonen anna enn at Raymarine eci-100 ser ut til å vere uegna som interface.

 

Fått pris på Volvo easy-connect på 5000,-  Så då dett det alternativet vekk.

Yacht-devices sine er nok då mest aktuelt. Desse får ein direktekjøpt til $189 inkl frakt.

 

Nokon som har erfaring å dele med yacht-devices sin gateway og evt wifi / ethernet adapter?

 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...