
JanB
I fjor kjøpte eg ein ny Quicksilver gummijolle, som etter kvart viste seg å tapa ein del luft. Då båten blei teken heim ved sesongslutt, viste det seg at det var fleire minde lekkasjar i samanføyningspunkt. Forhandlar har akseptert reklamasjon og lovar ny båt straks dei får på lager.
Problemet er at det er limt fast puter for snapdavit-feste på den aktuelle gummijollen. Eg har lite lyst å gjera denne jobben på nytt, og eg vil helst sleppa å bruka pengar på nye puter.
Dei gamle er umoglege å få av, men båtforhandlaren foreslår så skjera dei ut (gummibåten skal uansett destruerast) og så lima dei på den nye jollen. Det vil i så fall bety at det blir eit ekstra lag med pvc under putene. Vil dette bli like bra og sterkt som nye puter på ny båt?
Nokon som har synspunkt eller erfaringar med dette?