Jump to content

Edit History

Vestlandssong

Vestlandssong

Så vart det ny båt på oss (allerede)! Ein Viksund St Cruz 290/310 med fly. 20 år gammal, men førre eigar som har hatt den i 16 år har tatt godt vare på båt og motor, så inventaret ser nesten nytt ut. Me er veldig fornøyd! :) :) 

Med på kjøpet følgde det ein gummibåt og ein 5 HK Mariner påhengs, 2-takt. 1999-modell.  Selgar sa at han anbefalte å rense forgasser, pga dårlig gange på tomgang. Han sa også at han ikkje hadde brukt den interne tanken på motoren på mange år (gløymte å spørre kvifor). Eg har imidlertid opplevd litt større utfordringer enn dette. 

På første tur fylte eg bensin på intern tank. Brukte 2% olje. Manualen seier 1%, men tolka den dit at det også kunne brukes 2%, og tenkte dette kanskje ville være bra for ein gammal motor å få litt ekstra smøring (aner ikkje om det stemmer). Ved oppstart gjekk den dårlig på tomgang (som selgar sa). Men eg klarte å holde liv i den ved å ruse motoren litt opp og ned. Når eg sat den i gir og gav gass, gjekk båten nokre meter framover før motoren stoppa. Denne prosessen gjentok eg fleire gongar. Motoren har ein hendel til å velge intern eller ekstern tank. Det rare var at motoren oppførte seg heilt likt sjølv om eg satt hendelen til ekstern tank (som ikkje var tilkopla). Resten av turen brukte eg årer.

Neste gong eg skulle kikke på motoren satt eg ein balje med vatn under, og forsøkte å starte den mens den hang på moderskipet. Denne gongen kopla eg på ekstern tank, med 1% olje. Dei første gongane eg drog i snora var det litt liv i motoren. Men den stoppa før den var kome ordentlig i gang, altså langt værre enn sist. Dei neste gongane eg forsøkte å starte den var det ingen liv. Ikkje antydning til motorlyd. Eg forsøkte å skifte tilbake til intern tank, men ingen endring. Eg tok ut tennpluggen. Holdt den mot metallet på motoren og drog i snora. Såg at det kom gnist. Tørka av pluggen og satt den inn igjen.

Så no lurar eg på kva som kan være gale. Kan det være forgasseren som har gått frå dårlig til endå verre? Noko feil med bensintilførselen? I manualen står det at det er ein skrue på forgasseren som kan justeres på. Dette har eg ikkje prøvd endå. Kan dette være til hjelp?

Eg hadde håpa det var noko eg kunne klare å fikse sjølv (med hjelp frå BF og Youtube), då eg vegrer meg litt mot å sende ein 22 år gammal 5 hester på verksted. Eg legg ved nokre bileter av motoren, i tilfelle dette kan bidra på nokon måte.

IMG_20210606_193155.jpg

IMG_20210606_193220.jpg

Vestlandssong

Vestlandssong

Så vart det ny båt på oss (allerede)! Ein Viksund St Cruz 290/310 med fly. 20 år gammal, men førre eigar har tatt godt vare på den, så inventaret ser nesten nytt ut. Me er veldig fornøyd! :) :) 

×
×
  • Create New...