AMI
Eg har aldri prøvd fritidsbåtar med baugpropell, men vil tru at det kan vere til stor hjelp på nyare båtar med ugunstig skrogfasong. Sjølv har eg mest erfaring med trebåtar, som eg meiner normalt ikkje skal ha baugpropell. Eg innrømmer likevel at eg ofte er flau på eigne vegne fordi eg ikkje "treff" på første forsøk. Motstanden min mot baugpropell på slike båtar kjem vel helst av at eg vil få til det same som gamlekarane greidde.
Noko eg trur vi yngre båtførarane er dårlege på er å bruke skikkeleg med fart. Inntrykket mitt er at dei som er gode på å bruke fart i større grad lukkast utan mykje bruk av baugpropell. Då må ein naturlegvis kjenne stopplengde og slikt svært godt, og vite om propellen har lett for å ta luft når ein skal bakke opp. Folk eg har snakka med som arbeidde på hurtigrutene på 70-talet meinte iallfall at navigatørane der brukte stor fart når det var vanskelege tilhøve.
Om baugpropellen vert brukt for å kompensere for at ein ikkje "tør" bruke nok fart, så kan vel kanskje "pysevisp" vere eit passande ord