
Vestlandssong
Lingefan skrev for 23 timer siden:Er viktig å skille de godt holdte båtene fra de som er tilsvarende og kanskje ikke fullt så godt holdt.
Dette er eit veldig viktig poeng. Når det gjeldt Finn.no er det også viktig å hugse på at det er mykje ein ikkje ser i ein annonse, og at bileta kan lyge. Då me skulle kjøpe båt var me på visning på to ulike. Begge såg bra ut på bileta, men begge hadde litt for få bileter til å danne seg eit skikkelig inntrykk. Men du verda for ein forskjell det var på dei då me fekk sett litt nøyere på dei på visning. Den eine hadde hatt hund om bord som hadde klort/bite i stykker deler av stoffet i møblene. Dørhåndtakene var slarkete og overflatene slitt. Motoren hadde rust langt oppover blokka. Eigaren kunne opplyse at han hadde hatt vanninntrenging i båten, uten at dette var nemnt i annonsa. Båten låg på ein værhard stad ute i havgapet, men strekkavlastere hadde han ikkje. "Det bruker eg ikkje!" var svaret eg fekk. Båten vart liggende for salg til annonsa var utløpt.
Så gjekk me på visning på den andre båten, som var 5 år eldre. Selgeren, som var litt oppi åra hadde brukt båten saman med kona i 16 år. Dei hadde stelt samvitttighetsfult med båten i alle år, og inventaret såg jo ikkje ut som det var meir enn nokre få år gamalt, sjølv om alt var originalt. Båten var særs godt holdt.
Så når enkelte båter er prisa høgt og andre lavt så kan det hende det gjenspeiler at selgar anerkjenner slitasje og småfeil på båten, sjølv om det ikkje er spesifisert i annonsa. Og når nokon båter blir liggende lenge på marknaden og andre vert solgt fort, sjølv om pris og modell er den same, så kan det hende at potensielle kjøparar som har vore på visning har opplevd at den eine var overprisa mens den andre ikkje var det.
No er dette kanskje litt off topic med tanke på priser i forbindelse med pandemi, men eg trur at båter som er godt holdt vil holde seg stabile i pris lenger enn dei som ikkje er fullt så godt holdt, då mange er opptatt av eit trygt og forutsigbart båthold.