Vestlandssong
Komodo skrev 31 minutter siden:
Jøss, du setter oss på pinebenken fra innlegg #1
Det er ikke en mulighet for at du kan røpe dette allerede i kveld?
Ja, okei då
Eg starta med å sjekke impelleren. Denne burde eg sjølvsagt ha sjekka for lenge sidan. Men sjøvannspumpa er plassert under vannlinja og eg har ingen stoppeventil på inntaket. Dermed renn sjøvatnet inn dersom eg åpner impellerlokket. Eg kunne jo alltids ha løsna av vannslangen til pumpehuset og proppa denne. Men eg frykta masse søl med sjøvatn. Dessutan vart impelleren skifta for under eit år sidan, så sjølv om impelleren ikkje skulle være 100% inntakt kunne den neppe være heile syndebukken, tenkte eg.
Men når eg fekk ut impelleren fann eg fort ut at eg tok feil av impellerens tilstand. Den ser ut som den har fått ein omgang med kjøttøks, og synderen ser de fremst i biletet. Denne steinen hadde funne vegen inn i sjøvannspumpa, og har reve impelleren i fillebiter. Eg ser fram til å åpne oljekjølaren for å sjå om eg finn att bitene der... Korleis steinen har hamna der veit eg ikkje. Men eg veit i allefall at drevet ikkje har hatt bunnkjenning så lenge båten har vore i mitt eige.
Det positive med at impelleren står for deler av problemet er jo at denne er lett å skifte. Det negative er at det ser ut til at min ubudne gjest har gjort litt skade i sjøvannspumpa. Eg veit ikkje kor mykje som kan tolererast av rifter i metallet her, men eg tipper at denne må skiftast. No kan det hende at det er mogleg å ta ut innsatsen på denne sjøvannspumpa, og i såfall kan eg kanskje sleppe unna med å berre skifte denne...?
Varmeveksler og eksosbend er også montert av motoren og tatt med heim i garasjen. I morgon skal eg kikke meir på desse.