Vestlandssong
Så var det varmeveksleren sin tur. Denne vart rensa med systemrens av førre eigar for eit halvt års tid sidan, så eg mistenkte at denne ikkje ville være alt for ille. På den andre sida, når motoren verkeleg har vore varm, har varmeveksleren vore den aller varmaste delen på motoren. Faktisk så varm at eg tipper eg kunne steikt speilegg på den! Eg tenkte difor at det kanskje kunne ha samla seg diverse avleiringer inni der likevel.
Eg skrudde ut bolten og forsøkte å trekke av lokket. Det sat godt så eg lirka forsiktig med eit skrujern. Eg trur eg klarte dette utan å øydelegge O-ringen på innsida.
Når eg åpna lokket og såg inni viste det seg at denne var gullande rein. Her var det ikkje ein gong så mykje som ein liten klump med avleiringer. Det var jo sjølvsagt positivt, sjølv om ein del av meg var litt sur for at jobben med å montere varmeveksleren av motoren på eit vis var bortkasta. Det tok nemleg si tid. Slangane som var festa på varmeveksleren sat bom fast. Den eine slange endte eg til slutt opp med å måtte skjære eit snitt i for å få av. Den andre fekk eg etter mykje om og men endeleg løsna av.
Den tynneste slangen er den som går frå varmeveksler til eksosbend, den tjukkeste frå toppen av varmeveksler til termostat (?). Altså mot sjøvannspumpa. Den slangen eg laga kutt i må sjølvsagt byttast, men eg vurderer å bytte begge når eg først er i gang. Er det nokon som veit kva desse slangene heiter?
Før eg løsna varmeveksleren av åpna eg tappeskrua for å tømme den. Eg har tydeligvis misforstått korleis ein varmeveksler fungerer, for eg trudde det skulle kome ut sjøvatn her. Gjerne berre ein liten slant som låg att i systemet. Men her kom jo kjølevæska. ALL kjølevæaska. Eg hadde ikkje førebudd meg på dette og hadde ikkje tatt med meg beholdere til å romme så mykje væske.
Ved å rote gjennom båt og bil klarte eg så vidt å finne plass til alt. Eg får få dette over i meir egna beholdere etter kvart. Så då har eg tydelegvis lært noko nytt om varmevekslere. At dei har både sjøvatn og ferskvatn i separate kanaler.
Når eg først hadde veksleren ute så tok eg sjølvsagt ein rens på den. Eg brukte tipset til Svend Bjelland i YouTube-videoene, og brukte 0,5L 35% eddikkessens og 3,5 L vatn. Då vart det litt vatn til overs, som eg brukte til noko anna.
I dag tidleg tømte eg ut vatnet, og der var det lite skit å finne. Nokre små mengde "rusk" og bittelitt brunt slam, som eg også ser at det er ein del av i ekspansjonstanken.
Det var altså lite å hente i varmeveksleren, men nokre nye pakninger under lokket skal eg spandere på meg.
I dag skal eg ta for meg eksosbendet, og skal kome tilbake med ein oppdatering på den.