
Vestlandssong
Då har eg fått sendt av gårde bestilling på ei rekkje deler. Det vert nytt eksosbend med tilhøyrande belg, pakninger, klemmer og slange. Har også bestilt pakninger og ny slange til varmeveksler. I tillegg til pakninger til aftercooler, og sjølvsagt ny impeller.
Men det er ein ting som plutselig byrja å plage meg litt. I mylderet av deler gløymte eg å bestille eksosbelg frå volvo. Altså den overgangen mellom eksosutløp og bendet. Sidan eg skulle bestille noko anna frå ein annan nettbutikk, bestilte eg heller denne derfrå. Men der hadde dei ikkje original, så det vart uoriginal. Etterpå angra eg litt. Denne delen er jo heilt vital. Ryk denne så kan båten synke. Bør eg bestille ein ny original belg, eller er det grunn til å stole på kvaliteten på kopiene er god og trygg?
Produsent: CEF, kjøpt på boatparts.com