
Vestlandssong
Her kjem ein rapport frå dagens prøvetur, som varte i rundt 1,5 timer, og det vart tilbakelagt rundt 13 nautiske mil. Her er det noko som er positivt, og noko som ikkje er positivt. Eg startar med det positive først. :)
Motoren starta og gjekk fint. Eg byrja rolig og sjekka tilstanden i motorrommet under vegs. Ingenting spesielt å finne der, alt ok.
Etter kvart auka eg turtallet til marsjfart. Temperaturen holdt seg stabilt på i underkant av 90 grader. Kanskje 87-88. Når motoren var god og varm kjørte eg den på fullt turtall. Temperaturen gjekk opp i litt over 90 ved Max turtall. Det kan hende at ripene etter steinen i sjøvannspumpa har innvirknad her, men eg tenker at denne temperaturen er kurant, eller?
Så til dagens verkelege positive overrasking. Motoren vart merkbart sprekere enn før! Etter det eg har skjønt skal maks turtall på denne motoren være 3800 rpm. Rett før reparasjonen fekk eg den berre opp i 3650. Men no stoppa ikkje nåla før den sto på…. (Drum roll!)
3950! Det er jo nesten litt merkelig. MEIR enn den skulle hatt om den var ny. Korleis er det mogleg, eigentleg?
Notert toppfart var 22.5 knop, noko som er 2 knop meir enn då me kjøpte båten, og heile 4 knop meir enn rett før reparasjonen. Med dette turtallet tenker eg at 3500 rpm må kunne være eit heilt kurant marsj-turtall. Og då låg båten i 18 knop i dagens litt grove sjø. Kanskje litt meir på stillare dagar? Opptur!! :)
Ein del bølger på fjorden i dag.
Så til det negative.
Etter ei tids kjøring hadde det lagt seg litt vatn under motoren. Det var også nokre flekker med olje der. Vatnet såg litt grønnlig ut, men ikkje mykje. Var vatnet ein blanding av sjøvatn og kjølevatn? Etter litt inspeksjon med motoren i gang og litt turtall på, fann eg ut at det dryppa litt vatn frå sjøvannsfilteret. Det var ikkje skrudd godt nok til. Eg skrudde hardare til, og dermed var dryppinga borte. Flott, då var i hvertfall ikkje det eit problem likevel. :) Men olja fann eg ikkje heilt ut av.
Som de ser på dette biletet så ser det ut til å ha rent litt frå banjoskruen. Den olja som ligg nede ved kanten på motoren er gamal (fekk den ikkje bort ved vask). Det er litt rart at det har rent her, for denne skruen har eg stramma så hardt til at eg ikkje klarer å rikke den ein millimeter til. Men kanskje ikkje hardt nok likevel? Ein annan ting er jo at desse oljeflekkene er litt spredt rundt. Noko av det kan kanskje være rester etter oljelekkasjen eg hadde på turboen i forgårs, som har dryppa ned når båten har bevega seg i bølgene?
Men så var det den svake grønnfargen då.. Eg tørka opp alt vatnet og kjørte litt meir. Ei stund seinare så det slik ut under motoren.
Ikkje noko meir olje i allefall, men heilt tydelig kjølevannslekkasje.
Lekkasjen eg hadde før reparasjonen er der altså endå. Eg hadde jo eit optimistisk håp om at denne lekkasjen skulle forsvinne med varmgangen, men realisten i meg har tenkt at dette kanskje ikkje var tilfelle.
Måten kjølevatnet har lagt seg i bunn av båten er identisk med tidlegare. Men eg klarar berre ikkje å identifisere kor det kjem i frå. Det ser ut til å ha dryppa frå fleire stader. Kva kan være årsaken?
Etter endt kjøretur oppdaga eg også dette.
Luftfilteret har løsna. Eg syns det er vanskeleg å feste dette filteret skikkelig. Det er eit bøyelig plasthus som ein skrur til rundt ein mjuk gummipakning. Dersom ein skrur for hardt pressen ein filteret av. Skrur ein for svakt kan det også dette av. Her har eg tydeligvis bomma med momentet, men eg aner ikkje korti dette har sklidd av. Kor negativt er det å kjøre med filteret slik?
Konklusjonen? Eg kjenner meg rimelig fornøyd, fordi:
- Eg har klart å demontere deler av motoren og satt det saman igjen på ein grei måte
- Har fått meg ein ny turbo, eksosbend og stoppekran til kjølevatnet utan å betale ein formue for fagfolk til å montere det. :D
- Er kvitt varmgangen
- Har fått betre effekt av motoren og høgare marsjfart
- Båten er etter mi meining no fullt ut brukbar, og familien planlegg å reise på båttur allereie i morgon. :)
Og så har eg tydelegvis framleis nokre utfodringar som eg kanskje bør få sett på. Men dette kan gjerne vente til våren? :)