Jump to content

Edit History

Vestlandssong

Vestlandssong

Dassen vår i båten er tett, og eg  klarer ikkje å løyse problemet, samme kva eg prøver. Eg har no brukt latterleg mange timer på forsøket, og byrjer å verte veeeldig lei. Er også tom for idèer, så no ber eg om hjelp.  Elektrisk toalett med kvern. Eg skal ta det frå starten:

Me var på båttur då minstemann kasta for mykje dopapir i do, og den vart tett. I båten hadde eg berre ein sugekopp av liten type, og denne hjalp det ikkje å bruke. Eg kjøpte deretter ei flaske flytende Plumbo og lot stå over natta, utan resultat. Neste dag fann eg ein butikk i gjestehavna der eg fekk tak i ei lita stakefjær. Eg kopla av røret på toalettet og staka direkte ned i røret. Fjæra stoppa på eit punkt, og eg staka ei stund utan resultat.  For å være sikker på at det ikkje var pumpa på toalettet som var problemet la eg slangen frå toalettet oppi ei bøtte og trakk ned. Vatn spruta då med høg kraft ned i bøtta, og toalettet vart fort tømt. Så ingenting galt med pumpa eller kverna.

Då eg kom heim frå båttur reiste eg på Biltema og kjøpte ei betre stakefjær, med sveiv. Tjukkere fjær og ein spiral i enden som borrer seg inn i propper når den roterer. Eg borra meg inn i proppen og trakk ut att stakefjæra. Det sat då fast papir i spiralen, og eg tenkte at eg hadde lokalisert proppen og at det no berre var å stake heilt til proppen løsna. Eg staka og staka, og henta til saman ut ein håndfull med toalettpapir frå røret. Kopla på vatnet igjen, ingen endring. Eg kjøpte også både sugekopp og vakuumpumpe til toalett. Det surkla i røra når eg laga vakuum, men fortsatt ingenting som ville gå gjennom når eg trakk ned i toalettet.

Eg kjøpte meg eit adaptert til drillen, slik at eg kunne snurre rundt stakefjæra mykje fortare. Fortsatte ei stund, fekk ut meir papir, men systremet fortsatt like tett. Kor stor var denne proppen??

Til slutt bestemte eg meg for å sende stakefjæra så langt inn som den gjekk, som altså var alle dei 7,5 metra til stakefjæra. Då sat fjæra seg fast slik at eg ikkje fekk den opp att, samme kor hardt eg drog. Eg valde då å gå til motorrommet og forsøke frå den enden av slangen som går inn i septiken. Etter mykje strev med å få av slangen frå tanken såg eg - ikkje overraskande - at stakefæra var gått gjennom heile slangen og langt inn i septiktanken. Sidan eg ikkje fekk fjæra opp att den vegen eg hadde sendt den inn, måtte eg kutte den med ein avbiter og dra den ut andre vegen (frå tanksida). Der fekk eg ut stakefjæra, saman med ein del "gugge".

Eg la enden av slangen på tanksida oppi ei bøtte for å sjå om det NO kom vatn gjennom systemet. Kopla på slangen ved toalettet og trakk ned. Fortsatt ingenting - ikkje ein dråpe vatn i bøtta! 

Så no klør eg meg i hovudet og skjønner ingenting. Eg lurer på:

Kordan kan ei stakefjær komme heile vegen gjennom septikslangen, utan at ein einaste dråpe vatn klarer det samme?? 

Stemningsbilder:

IMG_20211019_202049.jpg.dac5b00c0603eb171f8f76b1cb8bded2.jpgIMG_20211019_185625.jpg.f12b36f989b3dbfa7cae9bf6e2f2c102.jpgIMG_20211019_185549.jpg.38127ea8e1a22083d5b80f4f6a39ffcc.jpgIMG_20211019_185539.jpg.85b4818dcdc708c3839efeb7a66591e5.jpg

Kordan kan ei stakefjær komme heile vegen gjennom septikslangen, utan at ein einaste dråpe vatn klarer det samme?

Stemningsbilder:

IMG_20211019_202049.jpg.dac5b00c0603eb171f8f76b1cb8bded2.jpgIMG_20211019_185625.jpg.f12b36f989b3dbfa7cae9bf6e2f2c102.jpgIMG_20211019_185549.jpg.38127ea8e1a22083d5b80f4f6a39ffcc.jpgIMG_20211019_185539.jpg.85b4818dcdc708c3839efeb7a66591e5.jpg

×
×
  • Create New...