
AMI
Eg flytta batteria i min båt for ikkje så lenge sidan. I samband med dette leita eg lenge etter kablar, fordi eg synest prisen var for høg. Det eg enda opp med var at eg kjøpte nokre startkablar på ein nettbutikk, og kutta av klemmene. Eg fann ut at prisen for eit sett startkablar var rimlegare enn ein enkel kabel med same tverrsnitt. Med andre ord enda eg på omlag halv pris samanlikna med å kjøpe vanleg lågspenningskabel på Biltema.