
AMI
2 hours ago, Jannmar said:Dette er jo aluminiumskabel. Riktignok kobberkledd.
Eg fekk eit inntrykk av at dette var nokså vanleg på rimlegare kablar, godt mogleg at eg tek feil. Vil tru at startkablane frå Biltema er aluminium ja. Om desse kablane og er aluminium er eg ikkje sikker på:
https://www.biltema.no/bil---mc/bilbatterier/batteritilbehor/batterikabel-2000031868
Sjølv har eg kjøpt noko av denne frå Biltema for nokre år sidan, og den verkar grei nok om ein er nøye med krympestrømper og slikt i endane.
Eg har og eit sett med slike som eg brukar til bil og traktor:
Desse vil eg nesten tru er kopar, då dei opplevast nokså tunge. Eg har rett nok ikkje lagt dei på vekta.
Det beste er heilt sikkert fortinna koparkabel, og eg skal ikkje sjå vekk i frå at eg tek meg råd til å skifte etterkvart. No var batteriflyttinga mi eit slags "prøveprosjekt", så eg ville ikkje leggje over 1000 kroner i det no i starten.