
MRG
Var ikkje meint å blande meg inn i diskusjonen her, men greier ikkje la vera.
Er enig med dei som forsvarar all slags reglar, sjømannskap og om kven som hadde den formelle retten på sin side. Men det er ikkje alltid det det dreiar seg om.
Av og til spelar det liten rolle kven som har skyld dersom det går gale.
Så sjølv om enkelte får sterk kritikk her for å blande inn analogar med unger og barnehage så støttar eg dei.
Sjølv om ein har retten på sin side er det ikkje alltid ein bør hevda sin rett når sannsynlegheiten for ein tragisk hendelse er stor.
Fullstendig klar over at det er ulike reglar til sjøs og i vegtrafikken. Men mitt poeng har ingenting med reglar å gjera.
Om nokon har forvilla seg ut på ein sterkt trafikkert veg med eller utan retten på sin side, så bør og skal både dei som køyrer moped eller det aller største og tyngste vogntog foreta seg noko for å redusere konsekvens. Ikkje nødvendigvis kun bruke hornet. Fotgjengerfelt eller ikkje, 30sone eller 110km/t, adgang forbudt område eller ikkje. Vedkommande kan vere 2år, 50år, 95år, dement, i rullestol, døv, blind eller kva som helst. Spelar ingen rolle.
Å redusere farten kraftig bør då vere eit minimum om så det skjer få sekund før potensiell samanstøyt. Her var det så close at det burde vera tegn til at ein satte "alle kluter til" for å redusere fart.
Dersom ein ikkje gjer det i vegtrafikken vert det uaktsomt drap uansett kven som hadde "rett".
Det kan sjølvsagt vere at dei satte inn alt som var teknisk mogeleg for alt eg veit. Men det ser ikkje slik ut.
Sikkert mange som no meinar eg er ein tulling som blandar inn vegtrafikk her, men tar sjansen for å få fram eit poeng. Ikkje at det nødvendigvis er gjeldande til sjøs eller for å "analysere" kven som har rett og galt juridisk sett.