
Ask
I oktober 2019 bytta eg ut min 2012 mod E-tech 50 med ein ny Suzuki 60 (firtakt).
Gutane mine har ein 2012 mod Mariner totakt 60 hk på sin båt.
Den motoren er jo tørst, men vedlikehaldet er berre girolja og ferskvasskjøring no og då.
Båten blir brukt i fiskeri, og går 8-10 timar kvar dag i sesongen.
I fjor hadde eg suzukien på 100-timarsservice. Det tok ein halv feriedag. (EIn liten time køyring kvar veg, og service medan eg venta.) Det kosta ca. 6 000.
I år er det tid for 200-timarsservice. Då vil dei skifta impellar òg. Kostnad i underkant av 10 000.
Det er sjølvsagt ikkje aktuelt. Med ein slik kostnad er eg langt inne i ein ny motor.
Eg har kjøpt eit servicesett av Ravns Garage. Det kosta ca. 2500, og så gjer eg heller servicen sjølv.
Det tek mindre tid enn å køyra båten til verkstad for service.
Eg er svært nøgd med suzukien, og det var deiligt å bli kvitt e-techen.
Det var vanskeleg å få seld e-techen.
Det er jo ofte ein grunn til at folk sel brukte påhengsmotorar.
Nytt er jo nytt, men med ditt budsjett hadde eg valgt brukt totakt. Dette pga. at dei er enklare å vedlikehalda, og tapet er mindre om du gjer eit bomkjøp.