M/B Nordheim
Har i mange år brukt ein oljesugar til å tømme kjølsvin, men etter å ha koka over i forbannelse og stygge eder over slange som går tett av småting og armar som ikkje er lange nok til å pumpe og å rekke ned i kjølsvin samtidig, fekk eg ifjor låne ein våtstøvsugar og herregud for ein lettelse. Det var jo som å vera i himmelen. Problematikken ved å lense på vanleg vis var borte vekk, når ein lensar på vanleg vis så ligg det jo igjenn ein oljefilm ifrå topp til botn etter å ha lensa ut. Når eg brukte støvsugaren så sugde eg oljefilmen av toppen og vips var det problemet borte. Vaska med høgtrykkspylar og sitronvask med lågt trykk og sugde opp og tørka med eit gammalt handkle etterpå og motorrommet lukta sitron etterpå, gud for ein god følelse. Vart til at eg kjøpte meg ein slik støvsugar, var ikkje dyr heller. Då er det jo også enkelt å skumme av olje og fett og destruere dette på forsvarleg måte.