
Ask
Hei.
Slangen på nest siste bilete skal hindra at heverteffekt gjer at vatnet som kjøler eksosen renn inn i motoren.
Eg vil tru at det går ein tynn slange (ca. 10 mm i diameter) frå toppen av plaststykket, og over bord. Når motoren går så er det ein stråle frå utløpet
Dersom denne slangen ligg slik at alt vatn renn ut når du stoppar motoren, så vil det koma luft i slangen. Det gjer heverteffekt umogleg. Med andre ord må ikkje slangen ligga slik at slangen lagar ein vasslås.
Slik er det i alle høve på min båt, som har yanmarmotorar. Med VP veit ein imidlertid aldri.....
Taskeladden kom meg litt i forkjøpet.