
Ask
Hei.
Igjen gratulerer med ny båt.
Eg kjenner meg att. Ny bruktbåt, og lyst til å få gjort mykje med båten.
Det medfører ofte at saldoen er i fritt fall.
Det var eit godt råd frå Sun Flyer. Bruk båten ein sommar, så ser du kva du treng.
Så til generator. Då me var på langtur, med baby, låg me lenge ved ei straumlaus brygga i Portugal. Då kjøpte me eit Honda EU 2i-aggregat. Det dreiv fint vaskemaskinen og ladaren.
Seinare har me aldri hatt generator, og har ikkje sakna generator.
Her i Nord-Europa er det lettare å gå til ei gjestehamn, ta ein storvask, og så segla vidare. Då får ein òg meir straum for hamneavgifta
På langtur i marinalause strøk er det annleis.
Skal ein vaska mykje klede når ein ligg i uthamn melder behovet for watermaker seg....