Jump to content

For høyt turtall på Yanmar 4LH-STE


Vestlandssong

Recommended Posts

 

Eg kjøpte ny båt i vår, NB840 fly, og er veldig fornøyd med den. :) Det einaste eg ikkje har vore heilt fornøyd med er farten. Eg tenkte lenge at eg berre måtte leve med det, ettersom 222 HK på aksling på ein 4500 kg flybridgebåt ikkje er all verden. Og motoren oppnådde korrekt maks turtall (3300 rpm). Men etter å ha forhørt meg med eit knippe eigarar av samme båt med samme motor, innsåg eg at eg burde hatt høgare toppfart og marsjfart. Eg begynt med å mistenke turbo. Eg innspiserte turbinene i begge ender og oppdaga at skovlene på inntakssida (luft) hadde ein del skader. Då tenkte eg kanskje eg hadde funne syndaren.

Når eg først hadde tatt av luftfilteret fra turbo tok eg det med heim og vaska det (type fleirbruksfilter). Då eg monterte reint filter tilbake på båten fekk eg plutselig høgare turtall! No var eg oppe i nesten 3600 rpm. Og farten var plutselig meir normal og i tråd med andre båter av samme type! Hmmm, så maks turtall på 3300 i henhold til manualen var altså ikkje maks likevel. Og no har eg eit nytt og endå høgare maks... Ingenting gleder meg meir enn at eg har fått den farten eg skulle hatt heile tida, og at det kanskje løste seg på ein så banal måte var jo berre positivt. Og skaden på turboen ser ikkje ut til å ha negativ effekt (?)

 

Men eg ville gjerne vite om turtallet faktisk er så høgt, eller om det dreier seg om målefeil på turteller. Turteller på flybride er ute av drift. Eg forsøkte derfor å måle med turtallsmåler fra Biltema (laser). Men verdiene denne viste var ho heilt på bærtur, så det vart eg ikkje klokere av.

 

Hvis det er målefeil så er jo ikkje det så farlig. Men så er det slik at turtallet på tomgang er heller på den lavere sida av det som er oppgitt i manualen, så hvis det er feil på instrumentet så er det ikkje konsekvent over heile linja...  Og hvis turtallet faktisk er så høgt, så lurer eg på om det er negativt? Mykje av fartspotensialet i denne båten ligg mot toppen av turtallsområdet, så det er litt greit å vite kor mykje eg kan tillate meg å presse marsj turtall uten å skade motor. I følge manualen kan motoren belastes på 3100 rpm kontinuerlig. Både merkeverksted og erfarne Yanmar folk har bekrefta at denne motoren fint tåler å marsje på dette turtallet, som altså er 200 under maks. Spørsmålet mitt er då, kan eg marsje i 200 rpm under MITT maks turtall, som då vert nesten 3400?  Eller bør eg fortsatt holde meg til 3100? For å spørre på ein annan måte, er slike motorer konstruert for å tåle eit visst TURTALL over tid, eller for å tåle eit visst turtall I FORHOLD TIL maks turtall over tid?

 

Tilleggsinfo, i tilfelle det er relevant:

  • Gasspaken på flybridge går ikkje like langt fram som den nede. Når eg gir full gass på flybridge stopper instrumentet nede på 3300. Men då har eg altså litt igjen på spaken nede.

 

 

IMG_3117.JPG

IMG_3136.JPG

Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...