Mammut1 Startet 16.Desember.2024 Link til dette innlegget Startet 16.Desember.2024 Eg har ein Rana 17 DC Lux 85 som eg har lyst til å fikse litt på. Der er småskader i plasten, bakre del av kalesja er gåen og eg kunne tenkt meg ei lita forsterking av akterspeilet. For å nevne noko. Eg er båt-fersking og må dermed konsentrere meg om ein ting i slengen. Så det første eg må sjå på er det elektriske (lanternene er gåen og lensepumpa er elendig tilkopla batteriet). Kunne tenke meg å flytte batteriet frå SB side i tverrbenken til under passasjersetet på BB side, fordi: - skille bensin og elektro (brannfare) - bedre balanse i båten (har sandsekk under BB sete i dag) - frigjort plass i tverrbenk er stort nok til å stue fenderar - det er potensielt tørrare under setet iom at bakre del av kalesja manglar. Minus med denne flyttinga er vel at det blir dyre straumkablar til motoren. Der står ein Suzuki DT40 97 på den, og kabelstrekket blir ca 4m (kvar veg). Enkelte nevner også at det blir eit problem med meir slag når batteriet er lengre framme. Eg trur dog ikkje at det er eit reelt problem i dette scenarioet. Denne båten er ikkje noko digg når det byrjar å slå uansett, så det brukar eg å unngå. Synspunkt? Eg må lande dette før eg kan gjere ferdig koplingsskjema og bestille det som trengs. Og eg blir ikkje einig med meg sjølv Sitér dette innlegget Link to post
Sjarkmann Svart 17.Desember.2024 Link til dette innlegget Svart 17.Desember.2024 Såpass liten båt så vil nok batteri fremme gjøre det litt mere komfortablet å med tanke på slag i motsjø. Mere vekt frem. Om du går for ett GELbatteri og stropper det godt fast vil nok det være bedre enn å ha det der det står idag. Anngående kabler så må du kanskje litt opp i dimensjoner iogmed at det blir langt strekk på dem. Men det finner du kalkulator for på nett. Minst mulig kableskjøt. Og prøv å lukk inn mest mulig av koblinger og slikt. Slik som lensepumpe om du vil ha det orntlig så sett inn en liten tett koblingsboks med wago inni. Lett å bytte om det skulle være noe og tett. Med skrunippelgjennomføringer å sett den litt høyt. Tenkt alltid dryppebue å at nippler og slikt peiker ned?. Sitér dette innlegget Har du kontroll, kjører du ikke fort nok!! Link to post
Mammut1 Svart 17.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 17.Desember.2024 Då har eg bestemt meg for å flytte batteriet fram. Det med tett koblingsboks var smart. Det skal brukast der det blir skøyt. Ellers tenkte eg 25kvmm kablar frå motor til batteri. Eit sikringspanel nært batteriet ala dette: https://a.aliexpress.com/_EQt3vRe med 1,5/2,5 kvmm kablar ut til dei få forbrukerane der er, via eit lite brytarpanel på dashboardet. Batteriet som står det i dag er eit nesten nytt 75Ah «marint» Biltema-batteri. Eg tenkte å bygge ein plattform av tre og putte ned i kassa under setet (bilde av motsatt sete): Så montere fast ei jekkestropp i plattforma og feste batteriet med den. Bra/dårlig plan? Har også lyst til å bytte ut Suzuki-kontrollboksa (som er litt herpa) med ein generisk gear/gass spak, og integrere elektronikken i dashboardet. Har funne dette fargeskjemaet: … men lurer på: - «TACH» - kan eg berre kjøpe ein turteller og kople til denne? - «WARNING TEMP» - kople på ein lampe og få temperaturalarm? Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 20.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 20.Desember.2024 Då har eg fått bestilt masse elektro-greier. Bør straum til motor være kobla på hovedstraumbrytar? Har tenkt å bruke eit fjernstyrt 200A relé til formålet (med ein tradisjonell brytar i tillegg som manuell nød-bypass). Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 21.Desember.2024 Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Hei. På min Polarcirkel 15 har eg flytta batteriet frå sb akter til bb nesten heilt framme. Eg laga ei ramma av trykkimpregnert treverk som batteriet står på. Batteriet er stoppa fant mrd ei stropp. Det har funka bra i eit par år. Eg brukte kablar på 50 mm2. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 21.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Godt å høyre at det er andre som har flytta batteriet fram også i små båtar. Korleis festa du den heimesnekra konstruksjonen din til «resten av båten» @Ask? I mitt tilfelle skal den ned i ei setekasse som vist på bilde over. Vurderer å lime den, men det vil gjere det umulig å komme til under - dersom det av ein eller annan årsak blir nødvendig. Vurderer også å skru gjennom sidene på kassa, men då er den ikkje lenger tett. Litt av tanken med denne plasseringa er jo at setekassa fungerer som batterikasse og at det då kan komme ~30cm vatn inn i båten utan at det flaumar inn til elektronikken. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 21.Desember.2024 Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Hei. Batteriet kviler på ramma. Eg skrudde eit par skruar gjennom eit skott, og inn i ramma. Eg bora eit hol i skottet litt lågare enn batteriet, og eit litt høgare. Ei lastestropp klemmer langsida på batteriet mot skottet. Eg brukte ei lastestropp utan krokar. Altså at stroppa blir ei løkka. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 21.Desember.2024 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 21.Desember.2024 Det høyrest fornuftig ut. Eg trur eg gjer noko liknande; festar heile trekonstruksjonen med fire skruar. Prøvar å få det tett rundt skruane. Droppar lim. Det vil være ok å kunne ta bort sulamitten for ytterligare modifisering - eller når eg mistar gifteringen ned i eitt av dei planlagte dreneringshola. Eg er forøvrig ikkje gift, men det kan jo også skje… Då er det berre å sette i gong å snikre. Framhald - og fleire bilder - følgjer (om ei stund). Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 5.Januar Emnestarter Link til dette innlegget Svart 5.Januar Ny el-sentral som skal under passasjersetet på gang: Det er eit fjernstyrt relé som hovedbrytar med manuell override som backup. Sikringar før og etter hovedbrytar (førstnemnte til lensepumpe). Føler eg bør ha hovudsikring, men har forstått det slik at dette ikkje er vanleg? Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 5.Januar Emnestarter Link til dette innlegget Svart 5.Januar Har plukka av nokre teak-lister mens eg venta på stæsj til el-anlegget. Ser slik ut etter nedpussing: Er der nokon måte å få vekk dei mørke felta på? Eg har funne ein passe retro lakk eg likar (Jotun Yatching Ravilakk), men prøvelakkering viser at dei mørke felta blir enda tydeligare etter lakkering: Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 27.Mars Emnestarter Link til dette innlegget Svart 27.Mars Då var det på tide å oppdatere denne litt. Det har gått sakte med elektroen grunna lite erfaring, venting på stæsj samt ei periode med helseutfordringar, men det er nesten klart og eg reknar med å poste bilder og forklaringar av dette neste veke - for «sanity check» frå BPs kompetente medlemsmasse. Elles har visjonen for denne båten endra seg totalt. Planen var å gjere det enkelt; modernisere og gjere det kvitt og grått. Men etter å ha sett nøyare på interiøret er dette stort sett i svært god stand. Det blir derfor til at eg pussar opp i original 80-talsstil - ein symfoni i beige og brunt! Så medan det har gått sakte med elektroen, har eg fått pusla med litt anna inn i mellom for å jobbe mot denne visjonen: Sidepanel SB med nylakkert list Lanternemast pussa ned og lakka + nye topplanterner og kabling Nye teakrekker akter under utarbeiding for betre sittehjørne og sjølvsagt også for å forsterke 80-tals-vibben. Var så heldig å finne ein 2»4 av Burmateak nederst i kapp-kassa mi. Nye, solide hengsler på den herlig brune tverrbenken (originalhengslene var gåen). Men no har det dukka opp (enda ei) utfordring: etter at tverrbenken fekk hengsler, er der ikkje lenger plass til lensepumpeslange mellom den og sidebenken. Dette var uansett ein dårleg patent som var der når eg kjøpte båten, men eg treng gode idear på korleis føre vatn frå kjølsvinn og ut av båten (eller til motorbrønn). Situasjonsbilde: Helst utan å lage hol i flytetankar eller andre drastiske operasjonar. Det einaste eg kan kome på, er å lede det fram under ein av sidebenkane, og så over sideflytetanken og ut bak eitt av seta. For å gjere utfordringa større, endar dagens lenseslange opp her - i akterspeilet: Dette er vel ikkje optimalt? Kva må eg evt gjere for å tette dette holet dersom eg flyttar gjennomføringa? Takkar for innspel på dette - er heilt grøn på glasfiberarbeid. PS: Mange tenker sikkert «idiot! kvifor har han ikkje vaska båten skikkelig før han tok laust på alt dette?!?» Svaret er at eg ikkje har vatn i naustet. Båten får ein grundig vask når våren eingong dukkar opp. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 31.Mars Emnestarter Link til dette innlegget Svart 31.Mars Då har eg plukka ut gjennomføringa i akterspeilet, og heldigvis dukka det opp lyst treverk og ikkje jord. Båt-med-hol er unektelig eit litt sørgelig syn: Det nærmar seg sjøsetting og eg hadde tenkt å vente til sesongslutt før eg lærte meg glasfiberarbeid. Er takksam for løysingar her, både på kort og lang sikt. Vurderer å berre sette inn att gjennomføringa og tette med Tec7, så får det halde for i år.. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 8.April Emnestarter Link til dette innlegget Svart 8.April Fekk på plass dei heimesnekra teakrekkene i dag. Er ganske nøgd. Dei er skrudde frå undersida - ein av dei vanskeligste skru-operasjonane eg nokon gong har utført. Det får båten til å føles breiare akter, og den liknar pitte litt meir på Windy 23 - tidenes penaste DC. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 11.April Emnestarter Link til dette innlegget Svart 11.April Då har eg fått kobla dei siste par leidningane og tatt ein grovvask innvendig. Nytt elektrisk anlegg er då på plass. Det har tatt masse tid for ein nybegynnar, sjøl på liten båt, men lærerikt og (stort sett) gøy. Oppsummert er batteriet flytta frå tverrbenken til under bb sete der det er laga ny elsentral. Derifrå går det 2x25mm2 kabel til motoren, der minus går rett på batteri og pluss går til hovudsikring (kortsluttingsvern). I tillegg går der ein 6mm2 (minus) og ein 7x1,5mm2 multikabel til dashboardet. Derifrå går det kablar til forbrukarane i tillegg til ein ny multikabel som går til tverrbenken akter, for tilkopling av lensepumpe og bensinmålar. Alle kabeltermineringar har krympestrømpe. Ny elsentral under BB sete. Konstruert av kryssfiner, limt i skrog og dørk og skrudd i dørk i tillegg. Den gamle batterikassa vart lakkert og gjenbrukt. 1: Hovudsikring (kortsluttingsvern) 2: Sikringar før hovudbrytar. 3: Hovedbrytar (trådlaus + manuell bypass kobla i parallell) 4: Sikringar etter hovudbrytar Fjernkontroll til hovudbrytar. Krafrig 12V og USB uttak samt vanntette kabelgjennonføringar i bakkant av elsentralen. LED-lys i «taket» på vindskjermen. Svært nyttig arbeidslys. Nytt, veldig brunt, dashboard. Her var det originalt ei beige pute. Lensepumpebrytar nede til venstre. Til høgre; bensinmålar, farts- og posisjons-GPS, brytarpanel til lys, voltmeter/USB. Oppe ekkolodd og mobilhaldar. Nylakkert kontrollboks med ny dekal og nøkkelknippe med ordspel. Frigjort plass i tverrbenken. Nymontert vassavskiljar måtte monterast i dette rommet, så heilt tomt blei det ikkje, men fortsatt greitt med plass til fenderar og litt tau. Den svarte boksa på BB side er vanntett terminering for multikabel som kjem frå konsoll. Nye sidelanterner (fjerna dei gamle som var på masta) og nye topplanterner. Belysning stuerom baug. LED-striper bak skai-panela på begge sider. Alt i alt er eg nøgd med alt, unntatt dei LED-stripene. Det slepp ut for lite lys, og med putene på blir det enda mindre. Men no veit eg 100% korleis alt heng saman, og det er ein god følelse. Sitér dette innlegget Link to post
Rolf Svart 11.April Link til dette innlegget Svart 11.April Mye bra arbeide utført, gøy å lese! Sitér dette innlegget Rolf som trives best med Sommer, Sol og Sørland "Seier venter den, som har alt i orden - held kalder man det. Nederlag er en absolutt følge for den, som har forsømt at ta de nødvendige forholdsregler i tide - uheld kaldes det" Roald Amundsen Link to post
Mammut1 Svart 16.April Emnestarter Link til dette innlegget Svart 16.April Takk skal du ha @Rolf! No når det prekære er ferdig, kan eg fokusere litt på det praktiske. Båten min manglar bord. Det er fint når den blir brukt til fiske, men ufint når ein har passasjerar. Eg har «restaurert» det originale bordfundamentet i dørken: Korleis lage/kjøpe eit bordbein som passar nedi her, og samtidig blir stødig nok? Diameter på holet er 52-53 mm, djupne ca 8 cm. Kanskje det fins ein standard? Sitér dette innlegget Link to post
TåT Svart 16.April Link til dette innlegget Svart 16.April Om du ikke finner noe bordbein som passer, går det an å bytte ut festet i dørken. Det er flere som selger løse fester, bordbein og beslag til bordplate. Løse bord kan man også få kjøpt, men som alt annet til båt, har det en tendens til å koste litt … Jeg hadde bord og bordbein, men defekt feste i dørk. Jeg fikk kjøpt et nytt feste som passet til beinet. Sitér dette innlegget Link to post
Rana_17 Svart 22.April Link til dette innlegget Svart 22.April Spennende tråd, mange fine bilder og godt arbeid! Når du skrudde av de teak-listene for å pusse og lakke. Skrudde du de da bare fast igjen, eller gjorde du en jobb med silikon eller noe i hullene? På min båt må jeg også da de av for å pusse, men ser at en del av skruene sitter veldig dårlig.. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 22.April Emnestarter Link til dette innlegget Svart 22.April Takk for det @Rana_17. Dei teaklistene skrudde eg berre på igjen med originalskruane. Sat godt hos meg, men trur ikkje desse listene har våre av før. Du får vel kanskje smugla ein impregnert trekloss inn på baksida så skruen får feste? Eventuelt i kombinasjon med lengre skruar? På min båt var der ein del kalesjeknappar som hadde hoppa i sjøen, festa nye med trekloss-metoden. Sit som fjell. Elles, på bordproblemet mitt, trur eg at eg gjer som @TåT berre omvendt: kjøper eit bein og satsar på det passar i holet. Men steike kva det kostar for eit «maritimt» aluminiumsrør… Sitér dette innlegget Link to post
TåT Svart 22.April Link til dette innlegget Svart 22.April Det finnes på Jula. Ruster sikkert raskere enn de dyreste, men er i alle fall et alternativ. https://www.jula.no/catalog/fritid/bat/battilbehor/batbeslag/bordbein-650251/ Sitér dette innlegget Link to post
Rana_17 Svart 22.April Link til dette innlegget Svart 22.April Hvordan i alle dager skal jeg få en klosse under? De står vel i en lukket greie på siden, uten tilgang? :) Jeg har et bord som fulgte med, men mitt feste er borte. Så mulig det er til overs... Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 23.April Emnestarter Link til dette innlegget Svart 23.April Med forbehold om at eg ikkje er i båten akkurat no, men: på min er dei brune sidebenkane berre ein vinkel der den eine sida er festa oppå flytetanken og den andre på sida av flytetanken. Dermed kan eg vippe fram seta å stikke handa inn på baksida (dette er også ein snedig plass å tre lenseslange, lagre båtshake, flagg etc). Kjem også inn frå baksida dersom eg opnar lokket på benken bak. Dårleg bilde, men har forsøkt å forklare kva eg meiner Kan hende dette er annleis på din båt, eller at det ikkje er mogleg å kome til baksida av annan årsak som eg ikkje har tenkt på. PS: Om du har originalbord som du ikkje skal bruke kunne eg gjerne tenke meg å kjøpe det. I alle fall beinet Sitér dette innlegget Link to post
Rana_17 Svart 23.April Link til dette innlegget Svart 23.April Ser at det er en helt annen løsning på min båt ja, ikke så fancy benker på siden :) Så mine er vel skrudd rett ned i flytetanken (?) Bordet ligger på hytta, kan ta noen bilder å sende deg når jeg skal dit neste gang. Enten kan jeg selge det, eller gjøre som deg og få montert nytt feste til bordet. Sitér dette innlegget Link to post
Mammut1 Svart 23.April Emnestarter Link til dette innlegget Svart 23.April (redigert) Sjå der ja. Då vil eg tru du har ein «17 Fisk», som ikkje hadde benkar originalt. Då vil det jo absolutt ikkje funke med min trekloss-patent. Du kan fylle Tec7 i skruehola før du monterer dei igjen, så blir det tett. Men viss skruane sit for laust, må du vel enten bruke litt feitare skruar, eller: tette alle hola, flytte lista en cm, og lage nye hol. Og skulle det kome litt vatn inn i flytetanken er jo det uproblematisk på denne båten. Berre å opne den lett tilgjengelege dreneringsproppa, så renn det ned i «lensepumpeholet». Edit: du kan vel også tette hola med epoxy, då vil du kunne skru på samme plass. Har ikkje prøvd dette sjøl (enda). Redigert 23.April av Mammut1 (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Rana_17 Svart 23.April Link til dette innlegget Svart 23.April Skal få tatt de av, pusset og gjort de litt finere. Tec7 er nok sikkert bra nok, for som du sier, det er jo ingen krise om det tar inn litt vann. Har ikke testet å åpne dreneringsproppen enda, men forstår at det kan være lurt å gjøre. Takk, igjen! Blir dessverre, eller heldigvis, inspirert av tråden din og alt du har gjort :) Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.