
Mammut1
Sjå der ja. Då vil eg tru du har ein «17 Fisk», som ikkje hadde benkar originalt. Då vil det jo absolutt ikkje funke med min trekloss-patent.
Du kan fylle Tec7 i skruehola før du monterer dei igjen, så blir det tett. Men viss skruane sit for laust, må du vel enten bruke litt feitare skruar, eller: tette alle hola, flytte lista en cm, og lage nye hol.
Og skulle det kome litt vatn inn i flytetanken er jo det uproblematisk på denne båten. Berre å opne den lett tilgjengelege dreneringsproppa, så renn det ned i «lensepumpeholet».
Edit: du kan vel også tette hola med epoxy, då vil du kunne skru på samme plass. Har ikkje prøvd dette sjøl (enda).