Jump to content

Livet med øien 530f


Steini

Recommended Posts

Heisann.

Etter lang stund uten fornuftig fiskebåt, har eg bestillt meg ein Øien 530F med 50 yamaha. Av tilleggsutstyr gjekk eg for spylepumpe,garmin striker ekkolodd, vindskjerm, profisher en garn/line haler samt to bensintanker. Fekk dei også til å montere ein 12v panel med litt fleire brytera.

 

I denne tråden tenke eg å skriva litt om båten, utstyr samt opplevelser med fiske.

Link to post

På seinsummaren kjøpte eg meg ein heimalaga båt med 25 tohatsu. Men denne viste seg å ver ein elendig sjøbåt.

 

På veg heim med gamle båten:

20240726_132732.jpg.e47c265a4ad2ad0544fddc0676e26109.jpg

 

Heima i tunet etter ein del reperasjoner og oppgraderinger:

 

20241121_110943.jpg.b4b1125cc0e0b3d177f9467fa958d5f1.jpg

 

 

Etter ein del reperasjoner og dårlige erfaringer så ville eg ha ein god, trygg og sikker fiskebåt. Så då bestillte eg ein Øien som skal ver leverigsklar når eg kjem fra jobb den 08.januar.

 

Me har jo også fiska mykje med gummibåten, men der er det ganske begrenset med plass hehe.

20240805_112639.jpg.235849c87379d62ce85e7d8420648e8a.jpg

 

så no skal da bli hærlig med ein skikkelig fiskebåt. Det blir både krabbeteiner, garn,line og krepse teiner. Så vil me også etterkvart prøva reketeiner.

 

Og når me skal på tur med Jandia så blir nok Øien med som jolle i blandt 🤣

 

 

20241208_153201.jpg

20241121_110948.jpg

20241003_124120.jpg

Link to post

Gratulerer med ny båt. Me har ein slik, men med 60 hk Mariner totakt. Det er ein bra båt til sitt bruk, men båten er veldig flatbotna. Det slår godt om det er litt sjø.

 

Me monterte u-boltar på utsida foran og bak. Ok dersom båten skal ligga ved ei flytebrygga som er lågare enn båten.

 

Sjølvlensinga har for liten diameter til leppefiskeri, så me monterte ei ny sjølvlensing i tillegg.

 

Korleis produsenten har tenkt når batteriet og bensintanken er i same rom forstår ikkje eg.

 

Me prima, og botsmørja båten sjølv så eg fekk forhandleren til å merka av kor vatnlinja skulle vera. Der sparte oss for ei sjøsetting.

 

Det er ikkje ein båt å køyra langt med.

Me er vel i same fjorden? 

Link to post

Heisann @Ask

 

Ja me er i samme fjorden, berre forskjelling side 😁

Var å leste tråden om øien der bla du hadde skrevet.

Er klar over tinga du nevner, men alt tatt i betrakting så var det denne båten som tikka av flest bokser til mitt bruk.

Batteria skal eg etter kvart ha i egent rom tenkte eg. Så blir det nok også laga litt meir lagringsplass i dei lukka romma i båten. Samt montera vanntette luker.

 

Men først skal tida nytes med fiske. Noko eg gleder meg veldig til. Blir nok ikkje så mangen lengre tura, men eg tåler litt hopping og slåing etter å ha vert fleire ganger rundt øya og langt innover div fjorder med gummibåten,haha 🤣🤣😅

Så for min del blir da nok ein god oppgradering uansett. Men lika god som min gamle Rana 17 veit eg ikkje om den blir.

 

Skal også bli spennende å sjå turtall på motor i forhold til propell. Regner med da blir skifte av propell ganske raskt, så eg får ein optimal propell til mitt bruk.

Båten blir levert ferdig med 3 strøk epoxy samt bunnstoff.

 

Så blir da å henta den i Bergen. Men da sku jo passa fint for å kjøra inn maskinen. Og ikkje minst bli kjent med båten. Er ca 50 nm.

 

Link to post

På kvar sida av fjorden. Ikkje tvil om at du har best utsikt:smiler:

 

Øien 530F er ein bra båt til fiske. Det er det ikkje tvil om! 

 

Gutta mine køyrte med eit kar med 300 liter vatn i. Det gjekk heilt fint. 

 

Du får heilt sikkert mykje glede av båten.

 

Den lause boksen som kan plasserast som ei tofta blir ikkje brukt hjå oss. Eg har sett somme som festar den langs eine sida.

 

Får du eit ekstra batteri til halaren? Kor er det eventuelt plassert?

Link to post

Ang ekstra batteri så veit eg ikkje.

Men eg kjøpte nettopp to heilt nye 90ah batteri til gamle båten, så eg monterer nok dei i øien. Ang plassering så vil eg prøva båten og sjå korleis den ligger i vannet. Dette vil nok bestemme plassering av batteria. Haleren skal ver på stb side, så mistenker at det kan ver greit å ha batteria på bb. Men eg må nesten sjå den an. Skal også montera eit lite solcellepanel får å holde batteria toppa opp.

Link to post
  • 2 uker senere...

Så var eg endelig kommen heim fra jobb.

Var berre å komma seg ut av senga kl 05:00 få seg ein kaffekopp,pakke baggen for så å bli kjørt til Hurtigbåten som går fra Stord til Bergen 

20250109_060431.jpg.cddc24d4c6cbe3e96e79ea46efbe78fe.jpg

 

Når eg kjem til Bergen er da rett bort til Berge Båt, og pittle opp ein stk ny øien 530f. 

I minus 2-3 grader, og litt snø i lufta, regner eg med da skal bli 50 friske nm.

Men er jo ein fin tur for å kjøre inn maskin, samt bli kjent med båten.

Screenshot_20250109_061409_Boating.jpg.e872424fb23790006af6e44b639cba0e.jpg

 

Fuel og tidsbruk er stillt inn for Jandia, så den stemmer ikkje heilt 🫣

 

Regner med å starte fra Bergen ca kl 10:00 ish

 

 

Link to post

Etter eit rask pittstopp for mat i Bekjarvik gjekk turen vidare.

 

Fleire havørner blei observert

20250109_123058.jpg.90d740282aa50be94fa19fc85cc9f39b.jpg

 

Var heldig med været, som gjorde det til ein flott tur

20250109_121600.jpg.7f870654dc502fcbe3c36d7e86d81094.jpg

 

20250109_121740.jpg.418cf69ee8ede99ecf2ca9071cb9ed7c.jpg

 

Passerte også Smedholmen på Fitjar:

20250109_121633.jpg.86de42b7b9366efb673924c39a0be544.jpg

 

Og rett utfor sagvåg var da ein nysjerrig sel. La oss kalla han Kurt.

 

Kurt:

20250109_124944.jpg.8338d88aa2b4c85959287489b8faefec.jpg

 

Etter nokre gode timar med mange flott naturopplevelser og bortgjemte perler, så var ein heima på Stord. Gamlebåten og øien for ver naboer nokre dagar

20250109_134824.jpg.3258716c034d4b69ac0e9677f795c11f.jpg

 

Screenshot_20250109_131226_Boating.jpg.99703fe848466486ecc37887f54bb21b.jpg

 

 

Både båt og motor er eg kjempenøgd med. Da gjekk med ca 30 liter bensin, 1 hamburger og ei flaska med smoothie 🤣

Link to post

Hei.

 

Nei var ikkje så mykje bølger til å testa.

Men dei få bølgene eg fant tok den greit.

Ein merker jo at da ikkje er noko djup v-bunn, så noko racer maskin er det ikkje 😅

Men den marsja veldig behagelig med 20 knop på ca 4500 rpm ish. 5900 rpm var max. Meget behagelig og stillegående motor, med plenty krefter. 1000cc, så den drar greit i mellomregisteret.

 

Blir nok ein anna propell etter kvart, men må høyra litt med propell folket først 😁😅🫣

 

Den er sjølvlensande ja. Veldig stødig.

Heilt topp fiskebåt!

Link to post

I dag var det berre å grava fram 4 stk krabbeteiner å få i vannet.

Hadde tenkt å setta eit par stolpeliner også, men dei hadde fått vann på seg og var fast frosset... 😤

Jaja, no står bøttene i sjøvann, så dei tiner vel snart.

 

Måtte no hiva sluken ut ei tur og mens ein var på havet. 

Dagens middag blir torsk

20250110_104430.jpg.57767630216dd6e8715b0ad1895e4e7a.jpg

 

Ellers fekk eg hjelp fra seven seas, så då var ny syrefast propell bestillt.

Exciter m3

Link to post
Steini skrev On 9.1.2025 at 14.58:

Blir nok ein anna propell etter kvart, men må høyra litt med propell folket først 😁😅🫣

 

Maks anbefalt turtall på disse er 6000.   5900 på ny motor, kan fort løsne litt mer med flere timer men det kompenseres fort av groe samt mer stash som dras ombord :fniser:
Så jeg tror at propellen som du har nå passer temmelig bra til båten.  Iallefall ikke noe å hente på fancy stålpropell, bortsett fra lettere lommebok    

Men reservepropell bør man jo alltid ha på lur - da tenker jeg det kunne vært interessant å prøvd mercury sin 4 blads Spitfire i samme stigning som den du har på nå 

Lurøy / Svalbard. Båter: Gromling 15/60 Yamaha / Wesling 490 m/80 Yamaha / Yamarin 5940 m/ F115 Yamaha / Achilles LS4 (RIP) Aquaquick MS265 West Commando 270 m/ 4hk Yamaha

Link to post

Takk for god info.

No har eg alt bestillt propell, så me får håpe den blir bra 😅

 

Som du seier, så er da jo godt med ein ekstra propell 😅

 

Eg håper den blir noko betre en den eg har no. Den overplaner, og eg får ikkje løfta bauen sjølv om eg tilter til den slepper. Så håper ein litt cuppa propell hjelper. Men eg har ikkje så mykje greier på propeller.

Og ja, stash blir det alltid ein del av. Groe også 🤣

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...