Jump to content

Suzuki DT40 på Rana 17 - vibrasjon/motstand?


Mammut1

Recommended Posts

Sjøsatte båten i dag (Rana 17), og den gode gamle Suzuki DT40en frå 97 starta umiddelbart. Etter litt justering av girwire var det ut på fjorden. Alt fungerer, men syns det kjennest ut som om motoren har motstand? Vanskelig å beskrive, men der er også mykje vibrasjonar på enkelte turtal. Meir enn det var i fjor - trur eg. Har ikkje hatt motoren lenge, og er framleis ganske fersk med båt. Har ikkje powertilt, ei heller tau i propellen. Noko eg kan sjekke, eller er dette berre min vanlege motorangst skal tru? Målte 23,8 knop med to personar i båten, noko som er samme toppfart som i fjor. 

Link to post
  • 2 uker senere...

Har våre ute og køyrt litt meir båt. Mindre vibrasjonar i dag, men var aleine i båten. Har mista trua på skakk aksling, men det ristar og bråkar framleis rimelig bra bakpå der. 
 

Symptom:

Det føles ut som om motoren «møter motstand» i intervall på ca 2 sekund av og 2 sekund på. Då blir det brumming og samme følelse som når båten skal over ei bølge utaskjærs. Oppoverbakke. 
 

Endringar sidan forrige sesong:

Eg kan komme på to endringar som kanskje/potensielt kan ha endra motorgange. 
 

1) Drivstoffsystem

Det er bytta bensinfilter i motoren, og i tillegg installert grovfilter/vassavskiljar. Kan dette - eventuelt i kombinasjon med utett kobling (falsk luft) - føre til symptoma eg opplever?

 

2) Vektfordeling

Batteri er flytta frå tverrbenken til under passasjerstol. I tillegg er der 50m blytau, litt kjetting og dregg i baugen, samt at reservekanne for bensin (10l) også er flytta heilt forut. Dette utgjer jo litt på ein 400kg båt, og den er langt mindre tilbøyelig til å legge seg over på sida (f eks grunna feit kaptein) enn den var i fjor. Er egentlig ganske nøgd med korleis båten ligg i vatnet no. Toppfart har også auka minimalt, dersom eg tiltar motoren (manuelt) ut. 
 

Med meir vekt forut vil nødvendigvis propellen stå høgare i vatnet. Kan dette være noko å forfølge?

 

Skal prøve å ta video neste gong eg er utpå. 

Link to post

Har du drenert forgasserne? Det kan fort ligge litt grums der som kan gi ustabil drift. Ellers så kan det være greit å gå over alle elektriske kontakter med litt 5-56 etter vinteren, litt fukt og korrosjon kan gi de samme symptomene.

"First they ignore you, then they ridicule you, then they fight you, then you win." - Mahatma Gandhi
Link to post

Ja, drenerte forgassar etter sesong og flusha gjennom nytt system før sjøsetting no. Brukar utelukkande 98 på denne motoren. 
 

Straumkablar til motoren er nye, og eg gjekk over dei mest prominente elektriske kontaktpunkta med 5-56 i haust. Men om det var elektrisk, skulle den vel feiltenne (eller la vær)? Det virker ikkje som den mistar turtal når den «brummar». Berre 2 sekund risting, 2 sekund mindre risting, i loop. Bedre på enkelte turtal enn andre, men mistenker det har med resonans å gjer. 
 

Ein anna ting eg kom på som eg har endra sidan i fjor er at eg har slutta å ha olje i bensinen fordi eg har sjekka at der forsvinn olje i korrekt tempo frå motorens autolubetank. Kan alltids ha i ein skvett å sjå om det utgjer nokon forskjell. 

Link to post

Ja, du kan jo helle oppi en halv prosent eller så. 

 

Hos meg er det en stor "hovedplugg" bak på motoren som har en tendens til å blir våt. Tørking og spraying hjelper alltid på fjuskingen det.  Mnenmin er en Mariner, så ikke helt lik din. 

"First they ignore you, then they ridicule you, then they fight you, then you win." - Mahatma Gandhi
Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...