Jump to content

Edit History

AMI

AMI

Eg har ein Wallas 2400 som ikkje fungerer. Feilen var igrunn at det ikkje kom straum til glødespiralen. Eg målte ved fleire høve, og glødespiralen kom aldri i gong. Pumpe og vifte gjekk slik det skulle. I samråd med Sunwind så sende eg difor apparatet inn til deira verkstad.

Med min vanlege flaks så fungerte alt som det skulle når dei testa den, så dei sende den attende utan å gjere noko. Når eg mottok pakken, så hadde den fått sopass hard medfart at eine brytaren på operatørpanelet nesten var knekt (brytaren stakk ut av pappeska). Eg kontakta Sunwind, som sende meg eit nytt brytarpanel.

Når eg skulle prøve apparatet igjen, så fungerte rett nok glødinga. Det var dessverre det einaste som fungerte no. Vifta går ujamt, pumpa slår ujamt og apparatet greier ikkje å tenne. Eg har no kontakta Sunwind igjen, som foreslår at eg sender inn apparatet ein gong til. Sjølv er eg litt i tvil om det er verdt 1000 kroner til å sende det inn, sidan eg erfaringsmessig kan telje på ei hand dei gongane har opplevd at fagfolk gjer ein jobb eg er fornøgd med.

Er det nokon som har hatt tilsvarande problem med Wallas der det faktisk har løyst seg?

×
×
  • Create New...