Jump to content

Valg av elektrisk toalett


Steini

Recommended Posts

God morgen.

 

Skal bytte ut septiktank i Jandia, og tenkte eg med det samme bytter alle slanger og bytter ut eine manuelle dassen med ein elektrisk.

 

Ser det ikkje er så lett å få tak i store septik tanker (over 150 liter) så kansje eg setter inn to små (75-100) i stadenfor ein stor som eg har no.

 

Men å velga toalett er ikkje det enkleste.

I utgangspunktet har eg sett på både dometic master flush, jabsco quiet flush og sanimarin.

 

Men så ser eg at både seatronic og maritim selger 24v toalett fra seaflo til halve prisen.... denne har både soft close, stor bollestørrelse og inkluderer solenoid for ferskvann. Me har store vanntanker i Jandia (2000 liter) så me trenger ikkje spare på vannet.

 

Er det nokon som har eit slikt seaflo toalett og har lyst å dele erfaring?

https://www.maritim.no/seaflo-toalett-24v-regular-quiet-flush-ferskvann-softclose

 

Eller kansje nokon som har ein formeining om valg av elektrisk toalett?

 

 

Sjølv har me ingen erfaring med elektrisk toalett.

Setter pris på tilbakemeldinger 😁

 

 

Link to post
Ask skrev Just now:

 

Hei.

Informer gjerne om kva Plastinvent skal ha  for tanken. Dei oppgir ikkje prisane på heimesida. Eg mistenker at dei veit å ta betalt... 

Ja regner også med det. Men om ein får ein perfekt størrelse så kan det ver verdt ein del tenker eg. Eg må først komma meg heim fra jobb, så eg kan ta nokre nøyaktige mål.

 

Men eg kan jo ta kontakt med dei, å få eit ca estimat på eit ca mål kansje 🫣😁

Og evt høyra om dei kan støypa inn ønskelige uttak,inspeksjonsluker osv.

Link to post
Steini skrev 5 minutter siden:

Ja regner også med det. Men om ein får ein perfekt størrelse så kan det ver verdt ein del tenker eg. Eg må først komma meg heim fra jobb, så eg kan ta nokre nøyaktige mål.

 

Men eg kan jo ta kontakt med dei, å få eit ca estimat på eit ca mål kansje 🫣😁

Og evt høyra om dei kan støypa inn ønskelige uttak,inspeksjonsluker osv.

Eg hadde kontakt med dei for mange år sidan, og forstod det slik at dei plasserar stussar, og luker, nett der du vil ha dei.

 

Eg trur det kan vera lurt å laga ein mal før tinging.

 

Då eg skulle kjøpa vaskemaskin til båten brukte eg mykje tid på å fintenkja om det var plass til vaskemaskinen. Eg gløymde å sjekka om maskinen gjekk inn dørane. 

For ein gangs skuld gjekk det rette vegen. Vaskemaskinen gjekk gjennom ein døropning med eit par tre mm klaring på kvar sida. 

Link to post
Steini skrev for 8 timer siden:

Men virker som om det er få som har testa seaflo.

Kansje da er eg som får ta testen

 

den har ihvertfall rett fasong på Jokkerventilen selv om den er liten.

Ser Seaflo   compact   har  - Uttak: 1" (25 mm), adapter for 1 1/2" (38 mm) følger med

 

Teller jeg dager i båten har Dometic MasterFlush MF 7120 over 2 år i drift.

image.png.7d2687b6a1e8f30309ca6d8acb8f79e0.png

 

Kokekyndig maskinist kjent på kysten.

Link to post

Ja eg såg egentlig etter 38mm, men såg at dei fleste elektriske har berre 25mm med nokre få unntak. Men sida pumpestørrelsen er lik på både 38mm og 25mm så får ein jo større trykk med mindre diameter. Så kansje det ikkje er så gale alikavell. Regner med eg finner ut av da etter kvart 😅

 

Dei fleste septiktanker leveres med 25mm macerator pumpe også...

 

Regner med Seaflo berre er ein kina kopi av eit anna kjent merke....

 

Skal prøva å montera da på gummi, samt lage plater under som absorberer støy.

 

Link to post

Etter båtbytte der et Planus toalett fra Farco ble høyt verdsatt, var det ikke noe vei utenom å skaffe noe bra i nybåten, pælme ut Tmc-bråkmakeren. Endte opp på noe så maritimt som hyttetorget.no og et Seaflo toalett med både sjøvannspumpe og magnetventil til ferskvann, begge deler koblet opp. Samme ganske stille pumpesystem som Planus, men mye rimeligere. Godt fornøyd så langt og så for vi se om kvaliteten varer. Leveres i 220 og 12 volt, vet ikke om det er mulig med 24 volt?

Screenshot_20250730_231255_Chrome.jpg

Link to post

Kjekt å høyra at du er nøgd med seaflo. Var egentlig ein fint toalett du hadde funnet.

 

Så får me håpa at da er gode greier og holder ei stund 😁

Regner med det bør fungere greit sålenge ein kun bruker bra dasspapir og ingen annet en det som skal oppi, samt bruke godt med vann til skyllinga.

Heldigvis har alle ombord hos oss god skikk på dette, så har ikkje hatt eit einaste problem siste 10 år med dei manuelle toalette våre. Så har eg også alltid smørt pumper,pakkninger osv med silikon.

 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...