Jump to content

Askeladden konkurs!


Rolf

Recommended Posts



Ser jo ut som det også kunne vært unngått! 

 

 

Kommentarartikkel frå Osnytt

Når Sareptas krukke var lenset heilt tom, blant anna etter 30 millionar stort utbytte, meldte båtfabrikken i Os oppbud. Dette saman med eit båtmarked som ikkje lenger er oppe i skyene – med ditto små utsikter til at masse folk no vil kjøpe ein heilt ny båt.

Berre 10 millionar av det gedigne utbyttebeløpet – heva i 2022 på bakgrunn av tala frå 2021 – blei pløyd tilbake i selskapet som eigenkapital. Alt ifølgje rekneskapane Osnytt har granska heilt tilbake til 2016.

Dei 20 millionane eigarane tok i eigen lomme ville i dag vore nok til å sikre vidare drift. Det er det ingen tvil om. Då ville antagelegvis banken vore meir medgjerleg for å finne ei minneleg ny langsiktig løysing. Dei er ikkje dumme og ser at selskapet, då alt peikte oppover, blei pumpa av eigarane for det som var av ledig kapital.

Men slik gjekk det ikkje. Ein klassisk situasjon for mange selskap som går konkurs: Heile eller store delar av overskota/eigenkapitalen sugast ut av selskapa i gode tider. Lite eller ingen buffer er tilbake for å møte nedgangstider.

Etter rekordutbetalinga satset eigarane altså 10 av millionane i ny eigenkapital i 2022. Men i dei tre åra etterpå fekk båtprodusenten eit samla underskot på 30 millionar, slik at alt av både innskoten og opparbeidd eigenkapital var fordufta per 21.12.2025. Med dei 20 millionane eigarane forsynte seg med, framleis i bero i selskapet, kunne heilt klart konkursen vore unngått i dag.

Ein annan spekulativ tanke er at selskapet blei drifta langt fram i tid frå då rekordutbyttet blei føretatt, slik at kreditorar grunna tidshorisonten ikkje ville kunne vinne fram med krav om omstøting av utbyttedisposisjonen.

 

<p>Har hatt/har Zodiac 12, Quicksilver 8 5hk tohatsu, GH 10 9,9 Yamaha, Skibsplast 14 25hk Mercury, Vernøy 430 sl 25hk Johnson, Saga 20 Marna MB10a, Hasla 21 Yanmar 3qm30.

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...