Jump to content

Garmin 188 c kartplotter som mista kontakt med kartbrikken


skorpo

Recommended Posts

Fin båttur i dag - tenkte meg gjennom Herøy-skjærgarden til Skålvær og Skogsholmen, men snudde pga tåka som låg grauttjukk. Då veret letta i ett-tida, gjekk eg ut på nytt.

 

Men då fekk eg ikkje opp kartet på kartplottaren :headbang: - ein Garmin 188 C. Kartbrikken er ein Bluechart-brikke. Eg hadde lagt inn heile ruta kvelden i forvegen, og kartplottaren teikna ruta for meg - men kartdetaljane var borte.

 

Eg tok brikken ut, la den i sola til tørk (kunne råskodda ha gitt kondensproblem i brikken?) - prøvde på nytt, ingen bedring - fekk berre melding om at formatet på brikken er feil. Prøvde å skru av og på, det hjalp ikkje. Men etter ein halv times gange i solskinnet fekk Garminen og kartbrikken endeleg kontakt.

 

Det var i siste liten, for no kom eg inn i ukjent farvatn. Men då eg kom i ein kartskøyt, forsvann kartdetaljene på nytt. Då gav eg opp kartbrikken og gjekk over til papirkartet.

 

Garminen er nokre år, kartbrikken er heilt ny. Kor er det mest sannsynleg at feilen ligg - i brikken eller i kartplottaren?

Link to post
Share on other sites

Garminen er nokre år, kartbrikken er heilt ny. Kor er det mest sannsynleg at feilen ligg - i brikken eller i kartplottaren?

Mulig at kartplotteren trenger ny beskjed om hvilke kart den skal bruke fra brikka. Du finner oppsettet for hvilke kart boksen skal bruke ett eller annet sted i hovedmenyen. Bruker 178C og ser at jeg kan velge hvilke kart jeg skal se på skjermen.

 

Hvis du har brukt denne brikka i samme boks med hell tidligere tror jeg du er inne på noe når du sjekker fuktigheten. Eventuellt har du fått med deg Murphy som mannskap.

 

Bjaas

- ...og når solkula går ned i havet, skal jeg sitte og se utover horisonten og få sjelen i vater! Triztan Vindtorn

Link to post
Share on other sites

Jeg fikk det sammen med en 276C. Kontaktet Garmin i UK som etter mye fram og tilbake anbefalte at GPSen sendes inn, men helt til slutt sa jeg måtte ta kontakt med Belanor. Jeg visste at brikken var defekt; den funket på firmware 3.6 (men tok litt tid) og ikke i hele tatt med firmware 4.1. Under bil kjøring så kunne ikke GPSen leser fra brikken fort nok, sikkert på grunn av lese-problemer. Istedfor å sende inn GPSen (trengte det til sommerferien) jeg bestilt ny brikke på web og sendt den gamle tilbake til dem som defekt. Iallefall har jeg 2 som funker nå.

Link to post
Share on other sites

Joda, Nothuset tinga ny kartbrikke frå brikkebakeriet. Men feilen låg visst ikkje i brikken. Dei vart med ombord i båten, sa dei ville sjå på strømtilførselen, men konkluderte fort med at det måtte vere ein kontaktfeil i kartplottaren.

 

No har eg skrudd kartplottaren ut og sendt han til Belanor. Håper dei reparerer han raskt, når ein har vent seg på slike gode blir ein lett avhengig!

Link to post
Share on other sites

  • 2 uker senere...

No ser alt ut til vere i orden!

 

Eg må seie eg er imponert over servicen til Garmin/Belanor. Eg meldte skaden på internett, fekk svar på epost med beskjed om å sende in plottaren, fekk SMS og epost når plottaren var mottatt, fekk ny melding når feilen var funnen (same dagen, dei lodda ei ledning), og fekk plottaren tilbake i posten eit par dagar seinare.

 

Ein ting er at GPS-en er god, men jammen er det godt å få rask hjelp når ein treng det også!

:flag:

Link to post
Share on other sites

  • 3 år senere...
  • 3 år senere...

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...