Jump to content

Ny gammel båt innkjøpt: Glastron 184 V8, 1979


urabus

Recommended Posts

Gammal vert vel feil, "Classic" trur eg det heiter..

 

Då har eg altså fått ein ny båt til gards. Ein må jo ha litt å pjaske med gjennom ein lang haust og vinter...

 

Dette skal vere ein amerikansk daycruiser frå slutten av 70 talet; Nemleg Glastron 186 Crestflite. Motoren skal vere 302CUI av typen Ford V8, litt usikker kven som har stått for marinisering, på hekken heng visstnok eit VP270 drev. Og den er sjølvsagt saltvasskjølt...

 

Er takksam for all informasjon om både motor og skrog, har enno ikkje fått studert så mykje. Skal leite meg fram til eit motornummer etterkvart. Planen til no er berre å få litt skikk på motoren og gje båten ein grundig vask og stoffing. Men dei fleste veit jo korleis ting lett endrar seg undervegs....

 

Den var jo rett hårete og ekkel då vi henta den, lukta gamal krabbe..

DSCN3975.jpg

Alt var nedgrodd...

 

DSCN3972.jpg

Det er gjort eit forsøk på lakkering, trur både lakkerar og båt fekk litt formykje lakk på seg med mykje sig som resultat.

 

DSCN3977.jpg

'Den grønne gørra' var ikkje lett å kvitte seg med.

 

DSCN3980_1.jpg

Etter eit par timar i vaskehallen, men steamhøgtrykk og løysemiddel, byrja ein å sjå gelcoaten igjen:)

DSCN3981.jpg

"Rein og fin" på veg til vinterlagring.

 

Internettressursar og andre tips tek eg gjerne i mot.

Redigert av urabus (see edit history)
Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...