Jump to content

Skikkeleg skrogisolasjon. Mine erfaringar


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Viser til tidlegare tråd, som eg hadde god nytte av. Kanskje einkvan har nytte av mine erfaringar.

 

Armaflex, som er produsert av Glava:

-isolerer utan tvil best

-mange ulike tjuknadar

-lett å forma.

-Pris for 10 mm kr 570 per kvm. Dei slo av til 400 dersom eg kjøpte meir enn 10 kvm.

Uakutuell pga. pris.

-Seinare har eg høyrt at den luktar i minst 2 år.

-svært dyr spesiallim

-svart, dvs. mørkt dersom ein ikkje skal ha noko utanpå

-ikkje spesielt sterk mot mekanisk påverknad

 

Sundolitt

-13 mm

-lys grå

-dårleg forhandlarnett

-må kjøpa ein stor rull

-dyr frakt

Eg hadde kjøpt denne dersom eg kunne kjøpt lokalt og ikkje meir enn eg trengte

 

Liggeunderlag frå Clas O

-billig

-lys farge

-8 mm

Antas å ha for dårleg kvalitet og isolering

 

Endte opp med sk "Vintermatte" frå den lokale båtbutikken. Minner om liggeunderlag

-69 kr/kvm

-10 mm

-virkar sterk mot mekanisk påverknad

-lett å kutta og bøya

-Så langt lovar det bra.

 

Lim

-Gløym vassbasert. Dyr og dårleg men luktar lite. Det er òg mogeleg å flytta plata etter at ein har plassert den.

-Casco kontaktlim luktar ille.

-Bostik kontaktlim luktar like ille men er litt rimlegare. Ikkje minst er den meir tyntflytande og difor drygare.

 

Dersom ein har varme for nær mattene kan limen løsna.

 

Ask

Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...