Jump to content

Kjølesystem Perkins 4.108


Fjordgut

Recommended Posts

Som ny eigar av ein gamal Saga 27 med ein Perkins 4.108 treng eg litt rettleiing om korleis kjølesystemet funkar. Beskrivelsen i handboka stemmer ikkje med motoren! I sommar har kjølevasstemeraturen stige ein del - særleg når det var veldig varmt i juli. Eg kjem opp i 85 på 2200 omdr. og godt over 93 på 2600. Torer ikkje å guffe på meir. Ser av andre innlegg at systemrens kan vere tingen. Men, altså når ikkje terrenget stemmer med kartet er det litt vanskeleg. Sjå på det vedlagte bildet: Er det i den store boksen i framkant av motoren varmevekslaren ligg? I bakkant av motoren er det også ein kjøler, er det ein gearoljekjøler eller motoroljekjøler..? Kva anna kan det vere? Skal denne rensast? Ligg det også ein kjøledings i eksosmanifoilen? Den lignar også på ein Bowman-varmevekslar? Skal denne rensast?

 

Går det an å suge systemrens (20% blanding) rett inn i heile systemet gjennom sjøvassinntaket og la heile greia stå ei stund? Det ville jo vere veldig lett, men er det så lett..?

 

PS? Kva er forskjellen på Perkins 4.107 og 4.108? Utanpå handboka, der det står 4.108, har ein tidlegare eigar skrive 4.107 med kulepenn..?

 

Det er sikkert eg som er dum, men eg har lite erfaring med dieselmotorar. Har berre hatt utabords før.

img_2391.jpgimg_2392.jpg

 

Takksam for hjelp..

Redigert av Fjordmann (see edit history)
Link to post

Hei. En Perkins uten tvil,men 4.108 eller 4.107 er vanskeleig å si. Det skal være et motornr. inslått på siden av blokka eller vår det på dieselpumpa ? Finner du denne kan det si noe om alder og type motor. Forskjellen på disse to motorene er i hovedtrekk at 4.107 har våte sylinderforinger,mens 4.108 tørre.Fremme på motoren sitter varmeveksleren for motoren. Veksleren bak er for girkassen. Har selv en Perkins 4.108 som hadde kjøleproblemer,men etter en grundig rengjøring av varmeveksleren der saltvannet passerer(du må ta ut alle delene å gjøre dette rent) og en behandling med systemrens på ferskvannsiden er ikke motoren å kjenne igjen. Etter behandlingen løsner det MASSE gørr etterhvert.Regn med å skifte kjøleveske mange ganger etter behandlingen.Skift også termostaten. Min erfaring etter denne opperasjonen er at motoren ikke går varm uansett turtall,nåla går opp til 80 gr. og stopper der. Lykke til !

Link to post
  • 2 uker senere...

Hei takk for svar.

 

Eg har no funne feilen: Mista ferskvatnet! To av pin-boltane som held termostathuset og varmeveksleren hadde brotna av (trøttheit..?), dermed vart det lekkasje der. Synleg lekkasje vart det berre med turtal på marsjfart - men kor ofte ser ein i motorrommet då..? No har eg demontert heile kjølesystemet - må jo det for å komme til med ny pakning og nye pin-boltar. Då rensar eg alt med systemrens. Skiftar også termostat, med det same. Men eit par nye spørsmål:

 

- Oljekjølaren måtte også av. Skal den rensast på same måte som varmeveksleren?

- Bør eg rense ferskvannsdelen i motoren? F.eks ved å la systemrens stå ei stund i kjølekanalane? . Tappe ut i botn og skylle med ferskvatn. Eller har ikkje dette noko hensikt?

- Skal eg også leggje sjølve varmevekslerhuset i systemrens? Det ser ganske møkkete ut, inni "kassa".

 

Takksam for svar..

Redigert av Fjordmann (see edit history)
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...