Jump to content

Ein fantastisk solskinnshistorie


Valivan

Recommended Posts

Som svar på emnet Min verste tabbe vil eg fortelje ein fantastisk solskinnshistorie. I alle fall opplever eg det slik. :puke:

Eg kjøpte båten min i august 1980. Det heile kom svært brått på - men det er ein annan historie. Eg hadde lite kunnskap om anna enn robåtar og var glad da han kom på land tidleg i oktober. Eg stod og såg på han der han stod i stativet sitt og var litt kry. Da kom det bort ein eldre mann til meg og spurde: "Korleis likar du hekkaggregat?".  - "HØ? -  er det hekkaggregat det heiter. Eg må tilstå at kjøpet kom brått på og dette har eg ikkje greie på."  Da hende det! Mannen retta fram handa si og sa: "Eg heiter Børre Gundersen. Eg er maskinsjef og lærar på maskinistskulen her i Bergen. Eg skal hjelpe deg".   :yesnod:

Dessverre er han borte nå.

Han kom opp i båten og held først eit kurs for meg om dieselmotoren. Viste og forklarte. Seinare kom han alltid når eg var oppe i båten og spurde om det var noko han skulle hjelpe meg med. Han tok deler med til skulen og fiksa dei, han kom med spesialverktøy, han hjelpte med å ta ut og sette innatt innsprutingspumpa, kort sagt alt. Han var fantastisk. Han ville heller aldri ha betaling i noen form. Ein gong greidde eg å overlevere to flasker vin til han, men det var fordi  det berre var kona som var heime.

Han hjelpte meg i 10 - 15 år.  Sjøl om eg møter mange hyggelege folk i båthamnen har Børre klart skild seg ut. I dag føler eg at eg ikkje fekk takka han skikkeleg før han gjekk bort. :smiley:

Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...