Jump to content

Fordsabb 2722, 5 motorlabbar nødvendig?


magnumlars

Recommended Posts

Heisann.

 

På min Fordsabb 2722 som står i Halco 29 økonomi er det montert 5 gummi motorlabbar, dvs ein i kvart hjørne bortsett frå aktre styrbord hjørne der det er 2 gummilabbar.

 

Eg reknar med grunnen til dette er rotasjonsretningen til motoren som vil gje ekstra belastning på eine sida grunna vrimomentet. Men er dette so lurt? Mi erfaring med dieselmotorar og gummi begrensar seg til MAK og Bergendiesel motorar type stor, og her er det i alle fal ikkje forskjell frå side til side.

 

Det eg tenker på er at i dette hjørnet med 2 labbar vil nødvendigvis "fjæringa" bli mykje stivare og belastninga vil kanskje ikkje fordele seg over dei ulike festepunkta slik ein skulle ønske?

 

Grunnen til at eg spør er at det kan sjå ut som desse gummilabbane har gjort sitt og eg tenker at det kunne vore lurt å montert nye labbar.

 

Eg tenker i utgangspunktet at eg vil montere 4 i staden for 5 labbar som idag. Vil dette vere eit dårleg påfunn?

 

Slik opplegget er idag er det vanskeleg å få fordelt vekta 100% likt på dei 5 labbane ved oppretting.

Link to post

Trur nok det er ein "original" Sabb. Står i alle fal Sabb diesel med stor skrift over svinghjulshuset.

 

Det kan stemme det du seier om 2 labbar på kvar side bak. Det er tillaga for dette på denne motoren, men på babord side er det kun ein motorlabb då det ikkje er plass til 2 (var det startaren som var i vegen skal tru?).

Link to post

Trur ikkje det er noko alternativ her då motor(labbane) faktisk ikkje står på ei bedding i ordets rette forstand. Her står motorlabbane skrudd fast i vinkeljern som igjen er bolta horisontalt inn i sida på "beddinga/tunellen". Temmelig dårleg patent etter mitt syn og er overaska over slike løysingar på ein fabrikkbygd båt. Men har sett det på andre fabrikkbygde Halcoar og, so det er tydeleg at dei som for 24 år sidan monterte motoren i alle fal ikkje har samme syn som meg :smiley:

Link to post

Har og vurdert ei fleksibel kopling mellom gear og propellaksel. Innbiller meg at dette vil kunne hjelpe eindel på støy og vibrasjonar då motoren tross alt vil kunne flytte på seg eindel når det vert nytta gummilabbar.

 

Om eg drar paralellar til mi begrensa erfaring med store dieselmotorar har det alltid blitt benytta fleksibel kopling ut frå motor ved bruk av gummilabbar (vulcan-kopling). No er det rett nok propellhylse som tillater litt bevegelse i propellakslingen på jolla mi, men vil kanskje tru det har noko for seg likavel?

 

Synspunkt på dette?

Redigert av magnumlars (see edit history)
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...