
APS
APS skrev On 25.4.2012 at 18.15:Hei. Har ein Yanmar 222 hk, mod 2003. Her har dynamoen slutta å virke. Leverte den inn på ein bilverkstad der dei har kompetanse til å sjekke dynamoer. Fekk den tilbake same dagen med beskjed om at den fungerer 100% Det går 4 ledninger inn på dynamoen. Batteri+ jordkabel (fordi denne dynamoen er dobbelisolert) ein kabel til ladelampe og ein for straum innpå dynamoen. Når eg startar motoren så sloknar ladelampa men den ladar ikkje innpå batteria. Ladestraumen ut frå dynamoen er målt til 12,4V på fullada batteri. Batteribanken var ny i 2011. Er det nokon som har erfaring med dette, evt opplevd det same?? Er veldig takksam for svar.
Dynamo til besvær.
Er nettopp komen heimatt etter ein 8 vekers tur til Bodø. Då vi passerte Leka på nord, begynte ladelampa å lyse og eg konstanterte raskt at dynamoen var deffekt igjen. Denne dynamoen kjøpte eg til erstatning for den som slutta og fungere for 3 år sidan. Dette var ein fabrikkny dynamo.
Etter ein del telefonbruk fekk eg fatt i eit firma i Sandnessjøen som hadde dynamo å lager. Då var det berre å slå av alle unødvendige straumbrukarar og gå til Sandnessjøen. Fekk her innsett ein byttedynamo som fungerer prikkfritt. Då eg ønskjer å ta opp med Yanmar kva som kan vere årsaka til at eg har brukt 2 dynamoar på 1800 timar, kjøpte er ut denne. Er det nokon her som harliknande erfaringar?