Jump to content

Plastskøyte produsert ved Mundal båt på Radøy Hordaland


Rundø

Recommended Posts

Eg bladde gjenom eit båtlivblad frå 2006/2 då eg kom over eit innlegg om ein skøyte som var laget i plast ved mundal båt på radøy. Skøyta var døpt Luna M/S og var konstruert av Nils Landro sto der. Luna M/S var blitt levert til firmaet Boatingnorway,som skulle satse på og bruke den til utleige.

 

Har altid likt gammle fiskebåtar og då spesielt skøyter, og sidan eg ikkje lenger ønsker og styre med større trebåtar, hadde ei slik skøyte i plast vore mitt i blinken. Dessutan synast eg skøyta Luna såg nokså fin ut for plast og vere :yesnod:

Eg fann fleire fine bilder av ho på www.boatingnorway.no

 

Eg har til no hatt heile tre trebåtar der eg har hatt ein del uflaks med, og ønsker derfor og konvertere til plast. Men eg må innrømme at ei velstelt skøyte i tre, er noko av det finaste eg ser av båtar, rein nostalgi :crazy:

 

"Men no får kanskje kystskøyta ein renessanse, i

moderne plastversjon. I alle fall har Mundal båt på Radøy

Hordaland nyleg levert si første plastskøyte" er det skrevet i opningen av artikkelen om denne båten.

 

Lurar på korleis det eigentleg gjekk med denne produksjonen av plastskøyter, er det fleire som har fått bygget seg ei slik skøyte i etterkant, blei det ein sukkse?

 

Eg likar som sagt det eg ser og les i artikkelen, med untaken av prisen der grunnprisen på ei slik

skøyte er på 1,1 mill kroner – pluss moms, som der står skrevet den gang i 2006.

 

Håpar det er nokon her på forumet som veit noko meir om denne plastskøyta, alt av interesse :smiley:

Link to post

Takk for svar :smiley:

 

Hm...så denne type skøyte vart kanskje ikkje så populært alikevel då?

 

Er det nå nyleg den har vore til salgs på finn?

 

Nokon hundretusner er mykje beire ut ein 1 million + + , men det spørs kva som er minuset med denne skuta sidan prisfallet var såpass, kanskje den ikkje appladerar til fritidsbåtfolket, kan no få seg ein god viknes i staden for for same prisen. Ikkje så stor, brei og treig som denne skøyta, som med ein fart på 6 knop, lengde på 9,6 M og breide på 3,46 fot kanskje ikkje er den smidigaste båten.

 

For meg høyrast dette bere staseleg ut :smiley:

 

Eg sjølv likak meg best under 10 knop, og helst med dunkelyden av ein sabbdisel, og på vei ut mot fiskeplassen min. Då har eg det supert :cool:

 

Hadde uansett våre intresant og prøvd denne skøyta, kansje eg skal høyre med firmaet Boatingnorway om dei forsatt har denne båten for utleige(evt til salgs viss eg vinn i lotto), en fiskeferie hadde vore mitt i blinken for meg(lider av ekstrem :fishing: fiske og BÅTgalskap, to fluer i en smekk!!) :yesnod:

 

Er her kanskje nokon på båtplassen som har leigt denne skøyta før hos Boatingnorway?

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...