Jump to content

Problem med periodisk feil på motoralarm, Yanmar 2GM20F


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Den eine av våre Yanmar 2GM20F har ein periodisk feil på alarmen. Av og til lyser og hyler det (som det skal)

når me startar og stoppar motoren. Av og til ikkje.

Dette gjeld oljetrykk, lading og temperaturalarmane. Alarmen for vatn i segldrevet har ikkje virka dei seks åra eg

har hatt båten.

 

Det synest opplagt at det er ein kontaktfeil, men problemet er å finna den. Enkle feilsøk har ikkje ført fram.

 

Problemet er m.a. at det er mange leidningar og kontaktar, så det er vanskeleg å følja dei i heile kretsen.

 

Dersom det er einkvan som har erfaring med liknande problem eller har tips så er eg takksam for det.

 

Er det like greit å fjerna alt av leidningar og legga nytt først som sist?

 

 

Ask

Link to post

Har erfaring med 3GM30F og regner med elektronikken er nokså lik.. Du har vel et lite panel med lydalarm og varsellamper?

 

Den eneste grunnen til at alarmen normalt piper når du vrir om nøkkelen er fordi det ikke er oljtrykk. Dermed legger oljetrykksgiveren en signalleder til jord. Dette får varsellampen til å lyse og alarmen til å lyde. Når du ikke hører alarmen når du vrir om nøkkelen er det altså et BRUDD et sted i denne kretsen.. Ofte er det giveren i seg selv som ikke kobler inn som den skal. Prøv å kortslutte signallederen i enden av giveren til gods (og rens koblingen). Det kan også være et brudd i kabelen videre til motorpanelet, eller det kan være en feil ved lydalarmen. På noen paneler er det en kombibryter for å teste lydalarmen og varsellampene..

 

Jeg har ikke helt oversikt hvor giveren for oljetrykk sitter på motoren din, men det er vel bare snakk om to stykker, oljetrykk og vanntemperatur.. Om du kortslutter dem etter tur bør du vel se på varsellampene hvem som er hvem....

Link to post

Hei

 

Takk for svar.

 

Kvar alarm har sitt eige lys, men same lydalarm. Alarmen hyler som f.., når den virkar.

Oljetrykksalarmgjevaren sit nede og foran på motoren. Eg skal freista å ta ut og rensa den.

Står slike gjevarar over eller under overflata på olja når motoren ikkje går? (Må eg tappa av olja først?)

 

Er det noko ein bør vera merksam på når ein skrur ut gjevaren?

 

Ask

Link to post

Når du vet hvor oljetrykksgiveren sitter ville jeg kanskje ha ventet til feilen dukker opp igjen og så prøve å legge en ledningsstump mellom signallederen i enden og gods. Om alarmen går på da VET du det er giveren og kan bytte den. Ellers er ofte problemet dårlig kontakt i overgangen mellom giver og signallederen..

Jeg har byttet giver en gang, men passet på å bytte i forbindelse med oljeskift. Innbiller meg at den står godt nedi olja...

Link to post
  • 3 uker senere...

Hei

 

Då har eg gjort som Athene skriv. Dvs. kortslutta mellom polen/kontakten på givaren og gods. Alarmen slo inn.

 

Det same skjedde då eg kortslutta mellom polen/kontakten på temperaturmålaren og gods.

Denne alarmen har aldri slått inn når eg skrur på tenninga. Kanskje eg bør skifta denne givaren òg? (Men den gav kontakt når eg putta den i varmt vatn for eit par år sidan.

 

Tips?

 

 

Ask

Link to post

Hei

 

Då har eg skifta givaren. NOK 145 inkludert frakt frå den lokale yanmarpusharen. Ein ok pris.

Det synest som om det var "heng" i kontakten i gjevaren, men eg har berre prøvekjøyrt motoren ved kai. Det kan såleis ikkje utelukkast at feilen er ein annan stad, men eg tur ikkje det.

 

Yanmarverkstaden opplyste at givaren er plassert over oljeflata og såleis kan skiftast utan å tappa av olja, men eg nytta høvet til å skifta olja i same slengen.

 

Mange takk for gode råd.

 

 

Mvh.

Ask

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...