Marlinman Startet 22.November.2010 Del på Facebook Startet 22.November.2010 Innleiing Gutungen har no sett inn hardt press for å få seg ein båt til å herja med til neste sommar. Utgangspunketet er at vi har hatt ein gamal Askeladd. Denne hadde ein 7,5 hk Honda som eg ein gang i tida bygde saman av 2 defekte. Hondaen gav seg på tap for 2 år sidan og då vart det kjøpt inn ein 6 hk Mercury der gutungen gjekk inn med 50 % eigardel. I sommar måtte vi innsjå at Askeladden sine dagar var talde og den gjekk til opphogging. Jr. stod då att med ny motor og ingen båt. Slikt går sjølvsagt ikkje an. Lettaste utvegen hadde nok vore å kjøpa ein liten gummibåt, men eit samarbeidsprosjekt om å bygja ein høveleg båt vert truleg kjekkare. Dei siste vintrane har eg gjennomført prosjekt av ulik karakter og har funne ut at det og er kjekt å dokumentera prosjekta i ein prosjekttråd. Kajakkprosjekt Designkriterie Båten må plana med 6 hk påhengsmotor. Valg av modell Etter ein del timar på nettet enda eg opp med ein Fast Garvey 10 frå Bateau På nettsida stod det m.a. "A 5-6 HP motor will plane the boat with 1 person, an 8 HP with 2 average adults. This boat can use a smaller motor, but she is really designed to go fast on a plane." Teikningar vart bestilt og dei kom i posten i løpet av ei vekes tid. Prisen var USD 45,- Konstruksjonsmetode Jolla bygjest i "stitch and glue" teknikk. Sidan eg meinar at vi bør ha norske ord på det vi balar med så trur eg at eg kallar det for "saum og lim" og då vert TBF'en SOL. Byggematerialet er kryssfiner. I SOL er det forma på kryssfinerpanela som definerar skrogforma og ikkje spanta. Ein skjer ut kryssfinerpanela og saumar dei saman med kopartråd eller strips. Så set ein inn spanta. Panela vert limt saman med epoxy forsterka med glassfiberteip. Spanta vert limt til panela på same måten. Material Kryssfiner Kryssfinerkvalitetar er ein eigen vitenskap som ikkje er særleg eksakt heller. For min del bruka eg ikkje mykje tid på dette sidan vi fekk "vannfast kryssfiner" gratis frå eit dødsbu. Dette er nok standard "byggmakker" kvalitet. Eg reknar med å kle fineren med glasfibervev og epoxy så vil tida vise kor lenge det held. Epoxy Epoxy er dyrt, eller.... Biltema har epoxy til 1000 kr / gallon (4,5 liter). På nettsida der eg fann teikningane var det og link til "Boat building supplies". Her hadde dei System Three epoxy til USD 81 / gallon. Det skulle bli NOK 610,- innkl. 25% MVA.Dei leverar imidlertid ikkje "overseas" direkte, men anbefalte å bruka ein "freight forwarder". Etter ein del googling fann eg ut kva det var for noko og kven som leverar ei slik teneste i Noreg. Det er Jetcarrier. Når du registrerar deg som kunde hjå dei får du ei vareadresse i USA som du brukar som leveringsadresse når du bestiller varene. Jetcarrier samlar saman varene i ein kontainer som går med skip til Noreg (dei leverer og flyfrakt) 2 ganger i månaden. Skipsfrakt er billig: 3 gallons med epoxy, glasfiber og verktøy vog vel 20 kg og då vert frakta Kr. 345,-. Flyfrakt vil koma på ca. kr. 1000,-. Haken er at ved sjøfrakt er prisen kun for frakt fram til Jetcarrier sitt lager i 1792 Tistedal. Der må det enten hentast eller sendast vidare med annan transportør. No er epoxy ++ komen til lageret til Jetcarrier i New Jersey og vil gå med båt 1. desember. Då bør eg ha varene før jul. Neste trinn vert å skjera ut alle finerplatene. Framhald følgjer. Sitér dette innlegget Link to post
puddingen Svart 22.November.2010 Del på Facebook Svart 22.November.2010 Spennende.. Sitér dette innlegget Link to post
dastunt Svart 22.November.2010 Del på Facebook Svart 22.November.2010 Stilig Huks bilder! Fint å ha noke og sjå på i vinterkulda Sitér dette innlegget Mitt prosjekt : Glen-l Squirt 11 fot Link to post
Marlinman Svart 9.Januar.2011 Emnestarter Del på Facebook Svart 9.Januar.2011 (redigert) Då held prosjektet fram: Materialimport 3 Gallon Epoxy kit (2 resin, 1 herder) 2 stk doseringspumper 1 lbs antiskli tilsetjing 1 lbs trepulver tilsetjing 2 oz Silica tilsetjing 100 yds 6" 6 oz glasfibertape 36 stk rørepinnar 2 stk lamineringsrular 12 stk plastspatel 12 stk miksekoppar 36 stk eingangskostar (1, 2 og 3") 1 stk Stevnbøyle Eg bestilte dette frå http://boatbuildercentral.com 14. November med levering til Jetcarrier sitt lager i New Jersey. Sidan eg hadde god tid bestilte eg Jetcarrier si sjøfrakt til Norge. 20. Desember var pakkane på mitt lokale postkontor. Frakta kom på kr. 540,- (Sjøfrakt 295,- Innanlands frakt 245,-, Forsikring 46,77). Heile gildet kom då på: Varer:3097,67 MVA: 779,52 Frakt: 540,- Sum: 4417,19 Berre epoksy og glasfiberremse frå Biltema kjem på 4700,- slik at det er litt å henta prismessig. I tillegg fekk eg tak i alt eg hadde bruk for på ein plass. Epoksyen er og av annerkjent merke, System Three, som vel er nr. 2 etter West System. Merking og utskjering av plater. Arbeidsbenk for å sleppa å krypa på kne. Verktøy 1 m platevinkel er eit godt hjelpemiddel. Det går og å nytta ei finerplate som vinkel. Kurvane på platene vert sett ut med ein avstand på 305 mm (1 fot). Ei finerplate er 4x8 fot. Eg laga ein liten tabell over måla, tykkjer det er meir oversiktleg. Merking av kurve Spikar i kvart merkepunkt og ei trelist (sent) inntil. Her er det greitt å vera to, ellers kan ein bruka lodd til å halda sentet på plass. Platene skar eg ut med ei japansk handsag. Eg har sjølvsagt elektriske sager i ymse utgåver, men dei flisar mykjeopp i kuttet. Den japanske handsaga kuttar fint og er lett å saga nøyaktig med. Den tida ein brukar ekstra på å saga tek ein att ved at ein knapt treng finjustering med høvel etter saging. Der det er 2 like plater, side og botn, merka eg plate 2 etter plate 1. Dersom fineren har ei stygg og ei fin side så må ein bestemma seg for kva side som skal vera ut. Normalt vil ein ha finsida ut. Eg har tenkt å legja glasfiber på utsida så då valde eg å ta finsida inn. Når ein merker for plate 2 må platene ha same side mot ein annan, dvs at ligg plata du skal merka med finsida opp så må den plata ein merker etter leggast med finsida ned. Merking av "snippane" Finerplater er 8 fot og båten 10. Då må platene skøytast. Teikningane syner skøyt butt i butt. Dette tykkjer eg er lite "båtbygjarmessig" og vurderte til å byrje med å bruka skaring. Etter ein del lesing på boatbuildercentral.com sitt forum kom eg fram til at skaring ikkje hadde nokon fordel likevel. På biletet er sideplata lina opp slik at "snippen" kan merkjast. Husk på å få venda platene same vegen, nummerer og lag tydelege overettmerker i skøyten. Skøyting av platene Beskrivelsen i teikningane er litt mangelfull. Etter litt prøving og feiling så trur eg dette er framgangsmåten: Finn eit heilt flatt underlag og dekk det med bygninsplast (epoksy bitt ikkje til bygningsplast) Klipp også til bygningsplast til å dekka skøytane med. Finn finerkapp til å legja oppå skøyten. NB skal ikkje limast fast, berre for å fordela presset frå vektene så hugs bygningsplast først! Finn fram vekter til å halda platene på plass med, td vasskanner. Klipp til glasfiberremser, 2 stk på kvar side. Legg ned platene som skal skøytast og teikn på plasten rundt skøyten med tusj.Teikn inn kvar glasfiberremsene skal liggja: ca. 1/3 overlapp. Teikn og inn på platene kvar remsene skal ligja. Hugs overettmerka. Eg klarde å snu eine snippen feil veg i kampens hete, men oppdaga det i tide. Bland epoksy og epoksylim (epoksy m/trepulver til peanøttsmørkonsistens) Legg første glassfiberremsa på plass etter merking på plasten og mett den med epoksy, det same med den andre. Smør epoxy på undersida av platene ut til merkinga for remsene og på enden. Legg lengste plata ned oppå remsene etter merkinga og hald den på plass med ei vekt. Smør lim i enden på plata. Legg den korte plata inn til den lange og press dei saman slik at limen "tyt" ut. Smør oversida av platene med epoksy ut til merkinga for remsene. Legg på remsene og mett dei med epoksy. Rull evt med glasfiberrulle. Legg bygningsplast over skøyten Legg finerplate oppå plasten Flytt vektene opp på finerplata. Stå på den plata som du løftar loddet frå slik at den ligg i ro. Ferdig plateskøyt Legg merke til ujamnhetane som skuldast at plasten på undersida hadde rukka seg. Dette var mi fyrste erfaring med epoksy og kan oppsumerast slik: Det vert grisete, bruk eingangshanskar og malarklede. Planlegg arbeidet og ha alt ein treng klar på førehand. Å klara alt ein skal før epoksyen byrjar å herde gjer at ein bli stressa. Raudsprit løyser uherda epoksy, så ha raudsprit og filler klar. Neste gong: Spant Redigert 9.Januar.2011 av Marlinman (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Marlinman Svart 30.Januar.2011 Emnestarter Del på Facebook Svart 30.Januar.2011 Spant Spanta vert skore ut i to deler som skal limast saman. Her er dei to halvdelene skrudd saman slik at dei kan høvlast heilt jamnstore. I byggebesrivelsen står det at ferdige mål på spanta kan teiknast inn på plasten ein limer på og spanta linast opp etter det. Eg vil sterkt anbefala at ein legg ut spanta på eit spanteplan og skruar dei to delene saman provisorisk med lekter. Spant og bete limt saman Oppspanting Sideplatene skrudd til spegel og spant. På denne jobben er det greitt å vera to personar. Sideplatene surra til baugspegel med kopartråd (baugspegelen er for tynn til å skrua i). Bunnplater Her følgde eg anbefalingane i byggebeskrivelsen om å fyrst setja fast eine bunnplata og så den neste. Ein liten forskyvning på fyrste plata førde til at det vart uråd å få den andre plata på rett plass. Det enda med at eg demonterte begge platene og gjorde det på følgjande måte: Fyrst skrudde eg platene i saman. Så justerte eg dei med høvel slik at dei var heilt identiske (som med spanta). Deretter bora eg nye hol for sauminga og sette strips laust i. I senterlina på kvart spant bora eg eit 3 mm hol til å setja ein spikar ned i for å sikra at plateskauten låg etter senterlina. Etter å ha skrudd ut skruene som hald platene saman la eg dei over spegel og spant og stramma platene saman med stripsa langs kjølen. Etter finjustering vart platene skrudd fast med provisoriske skruer til spegel og spant og sauma til sideplatene med strips. Sett frå undersida (ehh.. oversida egentleg) så ser ein at retning mot baugspegelen ser rett ut Ferdig sauma Snudd og klar for epoksy og glasfiberremser i skautane Sitér dette innlegget Link to post
TrondT Svart 30.Januar.2011 Del på Facebook Svart 30.Januar.2011 Spennende, blir interresant å følge med. TrondT Sitér dette innlegget Delfin 21 Mørebas 17DL Skilsø 750CC Barracuda 30 :-) Link to post
Marlinman Svart 3.April.2011 Emnestarter Del på Facebook Svart 3.April.2011 Epoxy innvendig Etter at jolla var stripsa saman og snudd stod innvendig epoxy arbeid for tur. Det vart ikkje teken bilete sidan "alt" var klissete av epoxy.... Framgangsmåten er sikkert nokså standard: Laga til alle glasfiberremsene, rulla dei opp og merka. Prima alle saumar (plate - plate, plate - spant) med epoxy i bredde tilsvarande glassfiberremsa. Laga holkil i alle saumar med epoxy/trepulver mixa til høveleg konsistens. Lagt på plass alle glasfiberremsene Metta glasfiberremsene med epoxy Lagt remser med bygningsplast over glasfiberremsene og rulla utanpå plasten slik at alle luftbobler forsvinn. Det siste punktet står ikkje i byggebeskrivelsen, men anbefalast. Overflata vert perfekt og ein slepp unna mykje sliping. Fungerar best på rette linjer, men ved å klippa hakk inn mot senter av plastremsa så fungerar det på kurvar og. Å teipa saumane utvendig med gaffateip er og eit godt råd, som eg ikkje følgde. Då går det mindre epoxy... "Partytelt" Sidan det har vore kaldt i vinter og eg byggjer på låven vart det nødvendig å laga eit telt rundt båten for å få opp varmen slik at epoxyen herda. Det er ca 0,5 m vidare enn jollen på alle kantar og 2 m høgt. Med ei 3 kW varmevifte gjekk det fint å få temperaturen opp i 15 grader inni teltet. Epoxy utvendig Her er jolla snudd etter at innvendig epoxy har herda Alle stripsa er klipt av Eg bruka kopartråd nokre plasser for å testa den metoden og. Tråden var enkel å fjerna ved at ein løyste opp surringa, varma eine enden med ein peislighter samtidig som ein trakk med ei nebbtang i den andre. Etter eit par sekundar kunne ein trekka tråden ut. Til slutt er alle saumane slipt ned og overgang botn- sideplater avrunda. Det viktigaste verktøyet på dette prosjektet ser ut til å bli denne: Eg vart lei av å skifta slipepapir heile tida så eg fekk tak i Mirka frå norbond.no Saumane vart så behandla på same måten som på innsida. Tilpassing av deler Etter at epoxyen på utsida hadde herda vart jolla snudd rett veg att for tilpassing av fremste spant, tofter og forsterking av spegel. Fremste spant Dette og tofta hadde ca 5 cm overmål på største bredde slik det var skore ut etter teikningane så litt tilpassing måtte til. Spegel Spegelen er på teikningane vist for 20" stamme, utan hakk og 15" stamme med hakk. Kontrollmål på motoren som skal brukast synde at den hadde stamme på 17,5" (Målet frå der motorfestet kviler på esinga til kavitasjonsplata på undervannshuset) Ideelt sett skal kavitasjonsplata flukta med botn på båten. Spegelen vart derfor hakka for dette målet. Spegelen er forsterka med ei 20 mm plate på innsida, mellom avstivarane, og eit bord på 25 x 150 mm i full bredde på utsida. Her hadde eg ein askeplank liggande som egna seg til formålet. No er all "innreding" ferdig tilpassa og klar for epoxy og glasfiberremse. Sitér dette innlegget Link to post
Marlinman Svart 21.Juli.2013 Emnestarter Del på Facebook Svart 21.Juli.2013 Ting tar tid... Men når enden er god og så vidare. Endeleg er jollen på vatnet. Det har teke tid. Fyrst og fremst fordi arbeidet ikkje vart særleg lystbetont. Etter at alle delene var ferdig og komen på plass i båten var det egentleg slutt på det kjekke arbeidet. Epoxy, sparkling, pussing, sparkling, pussing i det uendelege er ikkje særleg kjekt etter mitt syn. Det tok seg litt opp mot slutten når eg såg at resultatet kom til å bli brukande. Jolla er bygd etter oppskrifta med tillegg av Flyteelement i styrofoam under toftene, kledd med glassfiberduk Heile jolla er kledd utvendig med glasfiberduk. Vekta stoppa på 75 kg. I teikningane står vekta til 43 kg, det må vera ein ønskedrøm. Fordi om eg har kledd utsida med duk og brukt litt meir solid material eit par plasser så utgjer ikkje det eit tillegg på 32 kg. Med ein 6 hestar 4 taktar Mercury plana den med ein (tung) mann ombord, farten var omlag 15 knop Erfaringa er grei å ta med seg: Eg kjem ikkje til å satsa på fleire prosjekt som involverar utstrekt bruk av epoxy/glasfiber. Eg nådde aldri "the zen of sanding". Takka meg til ein kvass høvel... Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.