Sinten Startet 11.Mai.2011 Link til dette innlegget Startet 11.Mai.2011 Då var det på tide å opprette ein prosjekttråd ettersom ny båt er komt i hus for snart to veker sidan . Båten er ein Askvik A U 6, og er mest sannsynleg bygd ein eller annan gong på 50- eller 60-talet. Hud av furu og spant trur eg er av eik. Borda er sua og klinka med koparklinker, og skrudd i spant, kjøl og akterspegl med messingskruer. Midtfisk og dollbord er oppgitt å vere av mahogni, men dekket er eg litt usikker på då det er såpass slitt og oppsprukket, sikkert teak. (tar sikte på å skifte dette ein gong i nær framtid) Bilder av vidunderet: Motoren som heng på her er ein 5 hestar som me brukte til å hente båten med. Gjekk i fin "snekkefart" inn igjennom fjorden med denne på, men med sol og fint vêr var ikkje det å forakte Grå og kjedelig dørk som må gjerast noko med, dessutan er det litt mangel på sitjeplassar Er ein god del som må gjerast med båten for å få den i topp stand, men i bruksstand er den så godt som frå før av, treng eigentleg berre få tak i motor og setje inn nokre stolar (og ta båtførarprøven, kremt* ). Har likevel planar om å få gjort ein del ting i år, blant anna: - Pusse og olje innvendig - Få inn stolar (eit prosjekt i seg sjølv, kjem tilbake til det seinare) - Smøre BV under dørken - Bunnsmøre - Nate og olje dekk (spørst kor mykje eg gidder å gjere utav dette då eg uansett har lyst til å skifte dette nest år) - Legge ny dørk (spørst om eg får tid) Lista vert sikkert lengre etter kvart som eg oppdagar ting. Kjem nok med spørsmål og råd etterkvart som eg kjem skikkelig i gang òg. Og heilt til slutt: For at prosjektet ikkje skal bli ein "bastard" (no offense M/S Bastard ) håpar eg at de her inne passar på at eg ikkje prøver å gjere alt på ein gong og utsetter sjøsetting til neste år Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
M/S Bastard Svart 12.Mai.2011 Link til dette innlegget Svart 12.Mai.2011 Flott båt Jeg ville bare ha malt dørken denne sesongen. Stoler, jeg regner med at du skal lage disse av tre? Sitér dette innlegget Link to post
Seilaren Svart 12.Mai.2011 Link til dette innlegget Svart 12.Mai.2011 Gratulerar med flott båt Sinten! Godt å sjå du ikkje har gitt opp båtlivet til fordel for andre ting. Har vert litt i tvil dei siste åra… Skal bli spanande å følja med på prosjektet Sitér dette innlegget God samvittighet skyldes ofte dårlig hukommelse. Fritjof Brandt Link to post
Sinten Svart 12.Mai.2011 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 12.Mai.2011 (redigert) Takker Sikkert eit poeng det med å berre male dørken. Noko tips til maling? Brukte vanlig drygolin på tiljene i strandebarmen, men har ikkje fått sjøsett den i år, så veit ikkje om det er sterkt nok... Angåande seter/stolar, så har eg fått tak i to bøtteseter i kvit skai/imitert skinn som eg tenkte å lage ei trerame til. Eller er ikkje dette "lov" i ein trebåt? Vil helst sitte litt godt då eg satsar på å ha minimum 50 gamp bakpå hekken . Har ikkje lagt båtlivet heilt på hylla, har putla litt med strandebarmen innimellom, men skal ærlig innrømme at eg ikkje har vore så aktiv på BP dei siste åra . Kan ikkje love noko voldsom framgang med prosjektet, iallfall ikkje før eksamensperioden er overstått, men skal iallfall holde dykk oppdatert. Redigert 12.Mai.2011 av Sinten (see edit history) Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Seilaren Svart 12.Mai.2011 Link til dette innlegget Svart 12.Mai.2011 Kan ikkje love noko voldsom framgang med prosjektet, iallfall ikkje før eksamensperioden er overstått, Ja, eg synast dette var eit noko merkeleg tidspunkt å starta ein prosjekttråd på. Lykke til på eksamenane Sitér dette innlegget God samvittighet skyldes ofte dårlig hukommelse. Fritjof Brandt Link to post
Sinten Svart 13.Mai.2011 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 13.Mai.2011 (redigert) Lykke til på eksamenane Jo takk i like måte Og så eit spørsmål til folket: Driv å ser på motor og lurer på kva eg skal velge. Lett 2-taktar eller tung og seig 4-taktar? Han eg kjøpte båten av meinte den vog ein 700 kg ++, altså ikkje så veldig tungt til trebåt å vere eigentleg, og han hadde ein 50 hk Johnson 3-sylindra (trur eg). Vil eg likevel kunne klare meg med ein lett 2-sylindra 50 hk totaktar, eller har denne for lite dreiemoment? Og korleis er det med støy på 2-sylindra i høve til 3-sylindra? Er i hovudsak desse to eg driv å titter litt på: http://www.finn.no/finn/boat/motor/object?finnkode=28431144 (vekt oppgitt til 68 kg) http://www.finn.no/finn/boat/motor/object?finnkode=28446537 (vekt oppgitt til 115 kg ) (vektopplysningane er tatt frå hukommelsen, så korriger meg viss eg tar feil) Lagt til: Ja, og så har eg sjølvsagt titta på denne: http://www.finn.no/finn/boat/motor/object?finnkode=28143207 Det er berre det at den er litt dyr Redigert 13.Mai.2011 av Sinten (see edit history) Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Seilaren Svart 14.Mai.2011 Link til dette innlegget Svart 14.Mai.2011 Du har vel ikkje kjøpt denne båten for å setja fartsrekord mellom Vaksdal og Bergen? Har du tilgang på krane? Eg ville valt ein motor som du er i stand til å løfta av og på båten åleine eller med hjelp av ein kompis. Ergo ville eg haldt meg langt unna ein 4-taktar. Du kan vel også skru meir på ein 2-taktar enn ein 4-taktar, utan å risikera å øydeleggja noko I tillegg er det vel lettare å redda ein 2-taktar dersom du skulle vera så uheldig at båten gjekk ned Sitér dette innlegget God samvittighet skyldes ofte dårlig hukommelse. Fritjof Brandt Link to post
Sinten Svart 14.Mai.2011 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 14.Mai.2011 Delprosjekt 1 - Ratt: Som dei mest observante av dykk kanskje ser av bileta som allereie er lagt ut, så er det eit noko falma og kjedelig plastratt på båten. Hadde eigentleg lyst på nytt ratt, men sidan eg allereie hadde noko restar med svart "bumper paint" og noko persienne kapp liggande, så tenkte eg det var verdt forsøket å pynte litt på det gamle rattet. Så det eg gjorde var: - Slipte ratte lett med 800 sandpapir og avfetta med rødsprit. - Deretter nokre strøk med "bumper paint" vått i vått. Medan lakken tørka byrja eg så på midtstykke i rattet (som kan løysast frå resten av rattet): - Rubba midtdelen av rattet med 40 sandpapir, og vaska med rødsprit. - Limte så fast ein syltynn persienne-bit med epoxy. - Pussa så til kantane av persienne-biten og lakka 4 strøk med 3 stjerners gulvlakk. Bilete frå prosessen: Klar til lakking Lakking påbegynt Tilpassing av persienne-bit (lurer på om det er lønn?), klar til liming. Ferdig limt, lakking påbegynt. (ser ut som det er sig i lakken på bilete, men det er det altså IKKJE ) Ferdig! Og då var båten plutselig et steg nærare sjøsetting Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Sinten Svart 14.Mai.2011 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 14.Mai.2011 Sjå der var det visst komme eit svar medan eg "komponerte" førre innlegg. Du har vel ikkje kjøpt denne båten for å setja fartsrekord mellom Vaksdal og Bergen? (...) Neida, men ein marsjfart på 20 knop kunne jo vore kjekt (...) Har du tilgang på krane? Eg ville valt ein motor som du er i stand til å løfta av og på båten åleine eller med hjelp av ein kompis. (...) Har fri tilgang til gravemaskin Men forsåvitt eit godt poeng, sånn sett er jo 2-sylindra 2-taktart å føretrekke, men aner ikkje korleis det er med støy frå desse. Er jo forsåvitt vant med 2-sylindra 2-taktart, men det var jo ein 9,9... (...) Ergo ville eg haldt meg langt unna ein 4-taktar. Du kan vel også skru meir på ein 2-taktar enn ein 4-taktar, utan å risikera å øydeleggja noko (...) Nok eit godt poeng (...) I tillegg er det vel lettare å redda ein 2-taktar dersom du skulle vera så uheldig at båten gjekk ned Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Seilaren Svart 16.Mai.2011 Link til dette innlegget Svart 16.Mai.2011 Ser ikkje ut som nokon gidd å svara deg Sinten. Så eg får gjera det for å vera snill Eg gløymte sjølvsagt i førre innlegg at alle på bygda har eigen gravemaskin. Det burde eg ha hugsa på. Men framleis meinar eg at vekt bør vektleggast tungt i avgjeringsfasen( :giggle: Ordspel) Rattet blei tøft med persiennebiten. Godt kreativitet og godt handverk som vanleg Sitér dette innlegget God samvittighet skyldes ofte dårlig hukommelse. Fritjof Brandt Link to post
Sinten Svart 6.Juli.2011 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 6.Juli.2011 Då var motor og nytt prosjekt i hus Vart til at eg kjøpte den motoren som stod på båten i utgangspunktet, ein Johnson 1997 model, 2-sylindra 2-takt. Fekk den for 8000 som "delvis defekt". Her er bilete frå turen heim: Som sagt er den "delvis defekt", og i den annledning treng eg litt hjelp av nokon motorkyndige til å stille diagnose. Altså problemet er at den ikkje går på tomgang, men den heldt seg i livet når ein gjer litt gass. I tillegg ryk det noko voldsomt av den, og når den har vore i gang ei lita stund så er vatnet i stampen heilt svart av olje. Demonterte forgassarane i går kveld, og blas reint med trykkluft det eg fann av dyser, utan at eg fann/såg noko misstenkeleg grums/rusk. Monterte dei i hop att, og prøvte motoren på nytt i dag, utan noko merkbar endring. Prøvte òg å justere på blandeskruene, men liten/ingen framgang. Etter tips frå den forige eigaren kopla eg så i fra bensinslangen, og akkurat før den går tom for bensin så går den perfekt Berre for å vere på den sikre sida så har eg målt kompresjonen (riktig nok på kald blokk), og den var ca 140 psi på den øvste, og ca 145 psi på den nedste. Målte og at det var gnist på begge tennpluggane (som forøvrig såg heilt nye ut). Nokon som får noko fornuftig ut av dette her, og veit kva som er problemet? I og med at den går perfekt i det den går tom for bensin (og sidan det er fullt av olje i stampen) virkar det jo som om den får for mykje bensin eller noko slikt, men ikkje veit eg Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Sinten Svart 7.Juli.2011 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 7.Juli.2011 (redigert) Har gjort litt framskritt når det gjeldt motoren. Fann ut at det var den elektriske primeren/choken som var syndaren, då den var "brent fast" i open stilling sånn at motoren blei "flood'a". Skrudde av primeren og plugga tilførselsslangen, og då gjekk motoren mykje reinare. Det var derimot klin umogleg å få start på den utan primeren, så litt manuell prime'ing med ei bensinfylt plastsprøyte måtte til Kjørte så motoren god og varm, og forsøkte så godt eg kunne å justere blandeskruene på forgassarane. Då gjekk den etter kvart endå reinare og betre, men den vil framleis ikkje gå stabilt under 1000-1100 rpm, og det er vel litt vel høgt tomgangsturtal, eller? Viss eg prøver å stille turtalet lavare, så går den i nokre få sekunder før det kjem eit "host" og så stoppar den. Forsøkte å ta ein video, men mobilen var ikkje heilt samarbeidsvillig. Her er iallfall nokre dårlege bilete frå dagens økt. Hadde motoren i gang ganske lenge i stampen, så det vart ein god lunk på vatnet etterkvart. Det ein ser på biletet under er faktisk ein kombinasjon av vassdamp og eksos Og her er syndaren som berre "mata på" med bensin . Veit ikkje heilt korleis den skal sjå ut inni, men tviler på at den kvite plastgreia skal vere såpass "smelta". Så no er det berre å få tak i ein ny ventil, så viss nokon har ein på lur er det berre å rope ut Redigert 7.Juli.2011 av Sinten (see edit history) Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.