Andersnesse Startet 14.Februar.2012 Link til dette innlegget Startet 14.Februar.2012 Hei! Plattgatteren min i mahogny er lakket på utsiden. Hva er da det beste å gjøre på innsiden av skroget, spesiellt under vannlinjen og rundt kjølen? For det første er det greit å slippe alt arbeidet med lakk, og for det andre er det vel ikke særlig gunstig for treet? Sitér dette innlegget Anders Aarskog Nesse Link to post
Andersnesse Svart 14.Februar.2012 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 14.Februar.2012 Kan forresten også opplyse om at Sandviken Veteranmotorbåtklubb i Bergen har årsmøte i morgen, onsdag klokken 18:00 i Sandviken Kystkultursenter. Dersom noen ønsker å bli medlem er det bare til å stille! Sitér dette innlegget Anders Aarskog Nesse Link to post
Sinten Svart 26.Februar.2012 Link til dette innlegget Svart 26.Februar.2012 Dette er eit spørsmål eg stadig lurer på sjølv. Har riktig nok berre furuskrog i båten min, men spørsmålet om kva som er beste måten og behandle skroget på ut- og innside vil jo vere det same for alle tresortar. Som du då sikkert skjønar så har eg ikkje noko fasistsvar på dette spørsmålet, men eg kan jo komme med litt "kvalifisert synsing" i håp om at nokon andre vert så provosert at innlegget mitt at dei kjem på bana litt "debatt" . Personleg er eg av den oppfatninga av at treet må få "puste" (så sant det ikkje er snakk om kaldbaking). Dvs. at sidan du har lakk på utsida, så må du iallfall ikkje ha dette på innsida. Det same gjeldt maling. Sjølv om enkelte malingprodusentar hevdar at malinga deira er diffusjonsopen, så trur eg ikkje det vert nok "pusting" for treet. Det enklaste og tryggaste etter mi meining er å berre olje på innsida av skroget, og då meiner eg ikkje-herdande olje som til dømes Owatrol D1, rå/kaldpressa linolje, kinesisk treolje, Clipper 1 osb... Ei ulempen med å berre ha ikkje-herdande olje på innsida av skroget, er jo at treet får ein silkematt "look", og ikkje blank slik som med lakk eller herdande olje. Ei anna ulempe er at olja vert "vaska vekk" når ein ikkje har herda toppstrøk over den, men det ser ut som at du har kalesje på båten din, så då er jo det i grunn ikkje noko problem for din del. Det vert òg fort meir "skittsamt" å ikkje ha toppstrøk over olja, altså at skiten festar seg lettare. Innbiller meg at linolja er verre på dette enn kinesisk treolje og owatrol (Clipper 1 har eg aldri prøvt), men har ikkje noko vitenskapleg bevis på dette Fordelen med å ha ikkje-herdande olje på innsida er som først nemnt, at treet får puste. Dessutan er det veldig praktisk velikehaldsmessig, i og med at du kan mette skroget frå innsida utan å skrape lakk eller liknande. Då kan/bør du "velikehalds-olje" skroget frå innsida litt kvart år, slik at det heldt seg metta. Eit alternativ til dette er å ha ei "pustande" herda olje som toppstrøk på innsida, men som med malingane er eg usikker på kor "pustande" desse oljene eigentleg er. Benar skal vistnok vere ei slik olje, og biltema skal òg ha ei båtolje som pustar. På vindskjermen min (trur den er av mahogny) har eg gjort ein test med å mette med kinesisk treolje, lakk på utsida, og "pustande" biltemaolje på innsida. Vurderer same løysing på skroget mitt over vasslinja (furu), men det er jo likevel utsett for mykje meir fuktigheit enn vindskjermen, så er usikker på om det vert luftigt nok. Pustande olje på både inn- og utsida er jo kanskje hakket betre, men framleis usikker på om det er nok. Minuset med dette er jo at eg må skrape anten på utsida eller innsida for å mette skroget på nytt. Dette er jo uansett ikkje noko alternativ for deg, sidan du allereie har lakk på utsida... Under vasslinja og nedi kjølen har det før i gamle dagar vore vanleg med blymønje. Den er vel ikkje mogleg å få tak i lenger på grunn av miljø og helse, og ein må isåfall lage sjølv etter det eg har forstått. Sjølv har eg brukt Black Varnish (BV), som er ei tjøremaling basert på steinkoltjøre (viss ikkje eg hugsar feil). Er ikkje reint lite helsefarlig denne heller, men er iallfal mogleg å få tak i (enn så lenge iallfall). Har brukt denne både på innsida og utsida under vasslinja på ein Strandebarmar for nokre årsidan. Denne er ganske tjukk, og må varmast opp (legg boksen i bøtte med varmt vatn frå springen) for at den skal trekke inn i treet. Denne er kolande svart, så om du vil ha dette på magohyen din eller ikkje får bli opp til deg Den har òg ei ganske sterk lukt som heng i lenge, og på varme sommardagar kjem den fram igjen, så eg ville ikkje brukt denne der du oppheldt deg under dekk. Om treet bør mettast med olje før ein pøfører BV eller ikkje (det er jo trass alt ei "maling"), det veit eg ikkje heilt. Det er òg sånn at BV fargar i gjennom, så du kan ikkje ha anna maling utom på (men det er heller ikkje noko lurt "pustmessig" heller spør du meg). Brukar du det på utsida, betyr det òg at du må halde deg til svart bunnstoff. Sitér dette innlegget "Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær" Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.