Jump to content

Sy på "kappa" på nytt segl?


Ask

Recommended Posts

Hei

 

Som nevnt i ein annan tråd så har eg fått sydd eit nytt storsegl i utlandet.

 

Det gamle storseglet vårt er fullspila og har såleis bua akterlik/kappa. (Korriger meg og bær over med meg

om eg nyttar feil uttykk.)

Spileposane er heller ikkje plassert slik at dei blir horisontale.

Er det håp om bra resultat om eg får ein lokal seglmakar til å sy på kappa og flytta spileposane?

 

Båten er ein FP Athena 38 cat.

 

Eg er takksam for svar.

 

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Du kjøpte vel seilet fra Qsails. Spesifiserte du ikke hvordan seilet skulle være? Hvis ikke er det jo vanskelig å reklamere. Er det dacron eller laminat?

 

Ta å ring til en seilmaker. Tidspunktet er nok litt feil nå da det er høysesong. Men jeg vil tro at hvis akterliket skal bygges ut må de nye panelene håndklippes slik at de får den rette fasongen. Dette er mye arbeid men å forandre form i et seil er fullt mulig, og gjøres av seilmakere. Men jeg er redd det du sparte på å kjøpe billig blir spist opp og mye mere.

Link to post
Share on other sites

Hei

 

Seglet er frå seglloftet du nemner. Det er eit dacronsegl.

Som adv. så har eg nokonlunde kontroll på det juridiske. Eg har òg formidla til seglmakaren at dersom eg har gjeve feil mål så er det mitt ansvar. Dette sjølv om seglet er ubrukeleg.

 

Før seglet blei tinga så gav eg klar melding om at eg ikkje var seglmakar og at dei måtte stå for designet av seglet. Dei sa at det var mange like båtar i området så dei skulle kopiera eit originalt storsegl. Dei har imidlertid kopiert eit segl frå eit anna loft enn loftet som sydde originalseglet.

 

Når loftet fekk opplyst innfestingspunkta til spilene og lengda på spilene så vil storleiken på seglet gje seg sjølv, forutsatt at loftet legg til grunn at spilene skal vera vassrette. Det synest eg eit seglloft bør vete.

 

Eg har berre betalt halve seglet, og har såleis 10-15 store og sy det om for.

 

Seglmakaren har slutta å kommunisera og svarar ikkje på e-postar. Det synest eg ikkje er som det skal vera.

 

Dersom dei ikkje svarar så er vala mine:

-selja seglet og tinga eit nytt ein annan stad. Ulempa er at då må eg segla med gamleseglet ein sesong til. Det må reparerast og byrjar å bli rimeleg rottent.

-få ein lokal seglmakar til å flytta spileposane slik at dei blir vassrette og på rett stad. Eg må då kutta litt av spilene eller kjøpa nye og kortare spiler. Då blir seglet litt mindre, men som turseglar så kan eg leva med det. Dette tek 4-6 veker og kostar minst 2 500 + eventuelt nye spiler. Det irriterar meg at seglet ikkje har kappa og ser ut som seglet til ein gamal einskrogsbåt.

 

Elles så ser kvaliteten på seglet bra ut.

 

Eg takkar for svar.

 

 

Ask

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...