Burgermeister Startet 16.Mai.2012 Link til dette innlegget Startet 16.Mai.2012 Kjøpte siste utgåve av Båtmagasinet i dag der det står om brannslukking i motorrom. Synes Bonpet- ampullen såg ut som eit godt alternativ til Fireboy med automatisk motorstopp som blir ei dyr løysing. Søkte på forumet og her var det mykje meiningar som eg ikkje vart klokare av å lese. I Båtmagasinet stod det også at det er krav om automatisk brannslukking dersom motor er større enn 163 hk. Fekk litt panikk sidan eg har gått frå 150 til 170 hk. Leita fram vilkåra for mi forsikring som er hos Tryg. Der står det: Båten skal ha minst eit brannslokkingsapparat dersom ein har innenbordsmotor. Båtar med innenbords bensinmotor skal i tilegg ha fast montert anlegg med slokkemiddel. Anleggets kapasitet skal tilpassast romet som skal beskyttast og skal vere arrangert slik at det ikkje er nødvendig å opne avluker ved brann. Det skal kunne utløysast manuellt eller automatisk. Annleget og slokkemiddelet skal vere godkjent av Veritas. Ingen krav til diselmotor i mine papir. Søkte på sidene til Veritas der eg ikkje fann hverken Fireboy eller Bonpet. CE-godkjent som det står at Firesafe er, betyr det da at det er godkjent av Veritas? Bonpet viser til ei rekkje ulike sertifiseringar som stort sett er austeuropeiske og så vidt eg kan forstå utan betydning i Norge. ISO 9094-1 som også er godkjent som norsk standard har godkjent Fireboy. Betyr vel då at den er godkjent av Veritas? Frå Maritim: Automatisk brannslukker med godkjent gass for motorrom. Godkjent brannslukker er påbudt om bord i alle nye båter med bensinmotor. ISO 9094-1 (for båter under 15 meter) stiller følgende krav: - Effekt opp til 120 kw skal har løst eller fast brannslukkeranlegg - Effekt over 120 kw skal har fast brannslukkeranlegg Alså ikkje dieselmotor! Uttern leverer på sine båtar eit pulverapparat som kan utløysast manuellt frå førarplass. Det er skrudd fast eit koparrør som går bak i motorromet. Billig og god løysing? Ein fireport med fastmontert brannslukkar skulle vel også halde i forhold til krava til Tryg. Sjølv om det ikkje er nødvendig har eg lyst til å montere ei løysing som betyr at eg ikkje treng å opne motorluka. Trur er prøvar Uttern si løysing eller Fireboy utan automatisk motorstopp, skru av motoren er vel det første eg vil gjere ved ein brann håpar eg. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.