Jump to content

Hentetur, Westcraft 37 fra Sollund til Bømlo


M/B Nordheim

Recommended Posts

Ja då vart det båtkjøp, mitt livs største private båtprosjekt i iallefall og tida for å få båten sørover er inne, Det vart ein Westcraft 37. Eg fekk ikkje henta den før jul då veret var på sitt beste, så då må det bli no.

 

Har fylgdt værmeldingane med spenning den siste veka og onsdag førstkomande ser best ut pr idag. med lett bris frå nordvest og sikkert eindel gamal sjø.

 

Det er kansje nokon her inne på strekninga som kan sei litt om verklegheten der ute? Når ein sit her oppe på fjellet i Telemark og planlegg tur ut i frå yr, så blir det heile litt teoretisk. :confused:

Redigert av Batalden (see edit history)

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post

Gratulerer med "ny" båt

Kan vel bli noe stamping over Sognesjøen, men en slik båt tåler endel så om diesel hygienen ombord er god bør ikke dette være noe problem. Fortsetter sønnavinden så hadde jeg ikke tatt Hjeltefjorden sørover men gått Straumane.

Lykke til og vi tar gjerne i mot bilder :yesnod:

Link to post

Takk for det, skal prøve å komme med bilder etterkvart.

 

Har alltid respekt for lokalkunnskap og i mitt tilfelle som sit her på fjellet er det godt å få info frå dei som bur i nærheten av leia. Med Straumane meiner du Radsundet og Alversstraumen ikkje sant? Det er iallefall det eg har planlagt.

 

Når det gjeld dieselhygiene så har eg forsåvidt tatt dei forhandsreglar eg har kunna med det at eg drenerar begge tankane før eg bunkrar opp, samt har med meg i sett vannseparator vassseparator.jpg

+ doble filter haldar med velgekran med 5my filter

dobbel_filterhaldar_med_filter.jpg

 

med ekstra filter til kvar motor. og i og med at det er separate tankar til s.t.b og b.b motor så skulle det no vore rart om begge stoppa med samme problem.

 

Men me har jau "Murphys lov" :pray:

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post

Ser ut til være en svært robust sak. Må kunne kjøre over Nordsjøen med den om ikke forholdene er for krakilske.

 

Systemet med dobbelt dieselfilter og vender er helt suverent.

 

Ellers synes jeg de beste hentetrådene på BP er gode blandinger av reisebeskrivelsen og hvordan utstyr/båt fungerer - krydret med masse bilder. Gleder meg til å følge tråden!

Redigert av Fargo Lillehamme (see edit history)
Link to post

Takk for det Dahling. Det er vel linjer frå dei svunne tider dette.

 

Men til mitt bruk som i hovedsak kjem til å gå mellom Bømlo - Florø og øyane utanfor der og Bømlo - Telemarkskanalen, så er det viktigare med ein sjøsterk bruksbåt som tåler ein støyt.

 

Og som ikkje er så dyr at eg ikkje har råd til å bruke han :giggle::flag_bp:

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post

Gratulerer med båten, sjøbåt god som gull.

 

Har selv en tilnærmet søster (32 fot) som har vært kjørt i all slags vær i over 30 år, har aldri gitt meg noen negative overraskelser. Heller ikke sprekkdannelser noe sted. Så om værmeldingene ikke klaffer den dagen du skal legge ut trenger du ikke bekymre deg for båten, maskineriet kan selvfølgelig ikke jeg stå inne for.

 

Ha en god tur.

Link to post
  • 2 uker senere...

Takk for gode turynskje.

 

Vart litt sein med tilbakemeld. her, men når ein har annsvar for bedrifter og aksjonærar då skal ein ikkje unne seg mykje fritidssprell før telefonen og mailboksen er gloheit i desse årsoppgjerstider. :sweat: Men det er vel derfor ein mottar lønn antagelegvis :giggle:

 

Det er jau alltid spennande med nye prosjekt, slik som dette er mange spørsmål... Er båten i den stand eg forventa ? Korleis er det med kjølerar, temp, oljetrykk, gear over tid med belastning. Det er jau ikkje nytt dette, og ein prøvetur avslørar ikkje så mykje.

 

Avtala var at båten skulle på slipp og botnsmørast med besiktning så eg fekk sjå han under, og det var lurt for eg kunne vel forsynt restaurantverden ein månads tid med blåskjell og andre delikatesser. :giggle:

 

img_1137.jpg

 

Så etter ein del timars intens arbeid, vart det slik

 

img_1170.jpg

 

Så då var det dags med ein ny prøvetur..... og det vart betre.

 

Så var det tid for å drenere dieseltankar, montere vassutskiljarar og nye dieselfilter som nemt tidlegare i tråden. Bunkre opp og gjere seg klar for turen nedover.

 

img_1273.jpg

 

Onsdag 2. jan, farvel til Solund, her over Sognesjøen mot Mjømna, motorane går fint synest han marsja best på 16-17 mil/t det er vel nok for 2 x 180 hk tenkjer eg.

Syskenebarnet mitt har nesten same skroget med 2 x 370 hk og marsjar på 25 mil, men det kostar vel deretter tenkjer eg.

 

 

img_1278.jpg

 

Rettar ei stor takk til Fred som har utvikla TIKI Navigator, for god og uvurderleg hjelp til å få kartprogrammet i hus og innstalert (midt i Julehelga) det står det respekt av. Han tok telefon og svarte på mail frå ein som bare brukar og ikkje er veldig datafrelst midt i værste julestria.

 

Eg ville aldri tilgitt meg sjølv om eg kun hadde eitt navigasjonssystem ombord, det er for sårbart synest eg. Så no hadde vi to gpsbaserte kartsystem + papirkart, diesel på tanken, kaffi på termosen og litt godt å bite i, god varme i båten triveleg reiseselskap. Då kan vel det ikkje bli betre.

 

img_1279.jpg

 

Alt gjekk igrunn veldig greitt, temperaturane låg konstant på 80gr og fint oljetrykk, så vi gjekk ut Fedjefjorden og ned Hjeltefjorden for å få testa litt sjøegenskaper (det kan jau vera greitt at ikkje rederinna blir utsett for det med det fyrste) :yesnod: Det ruska seg litt til ute ved Fedje og det var rett og slett morosamt, det var nesten som å kjøyre tog gjennom dønningane han bare skvette sjøen til sides.

 

Vi gjekk inn til Leirvik i 18 tida, då var det stup mørkt så vi ville ta neste etappe dagen etter, altså den torsdag den 3 jan.

img_1290.jpg

 

img_1289.jpg

 

Så der seir me god natt, fortsettelse føgjer. :seeya:

Redigert av Batalden (see edit history)

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post

Takk for det Janniz.

 

 

Fin båt :smiley: Du skulle til Bømlo men overnattet i Leirvik. Kort andre etappe da.

 

Ja det kan du sei, men synest det var litt ansvarleg avgjersle :yesnod:, at vi venta med å gå igjennom Kuleseidkanalen og surre rundt i den paddemarka i nærheten av Fylkesneset i 20-21 tida på kvelden.

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post
Skikkelig fin båt, gratulerer!

 

Og hentetråder blir jeg aldri lei. Gleder meg til fortsettelsen.

 

Takk for det.

 

Og ikkje sant og Murphy's lov gjeld til det fulle og gjer slike trådar ekstremt spennande og ikkje minst for dei som ligg på hovudet og kjempar med dieseldyr og gamalt vatn i filtera i kulingen. :puke:

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post
Ingen offeranoder på propellakslingene?

 

Nei det er det ikkje og det vil eg sjekke opp umiddelbart, eventuelt sette på slepesko på akslingane inne.

 

img_1191.jpg

 

Alt ellers er kobla opp imot denne klompen (zink 5 kg) her (bilde), tek gjerne imot forslag (gode) til god beskyttelse.

Huskar eg ein gong dreiv å målte mellom ein koparledning som eg heiv i sjøen og gods på motor og propellar og at det skulle vera innafor ein viss voltverdi ???

 

Kan nokon hjelpe meg med verdiane der?

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post
Gratis med nye båt, en Solid bygget, eg vokste opp på Osterøy , hadde en kar lik som din men rød farget på skroget, med 2 x 180 hk Ford sabb, hørte den må ha 60 liter i timen. :-)

 

Takk for det, ja det er jo likt som på denne. Ein 50-60 l/t må ein vel rekne med, på to godt tilårskomne motorar som dette er. Blir vel å sjå seg om etter noko meir effektivt etterkvart men det får ein ta når høve byr seg.

Westcruiser 37, Mørebas 7200 med BMW D530-VP290DP, Skibsplast 19 Family-ship med VP AQ151-290SP Totalmedlem RS

Diagnose: Erklært kronisk båtintressert.

Link to post

Du må være innlogget for å kunne svare.

Logg inn med eksisterende, eller opprett ny, konto.

Opprett ny konto

Gratis og helt uforpliktende

Klikk her for å opprette konto.

Logg inn

Logg inn dersom du har konto

Logg inn


×
×
  • Create New...