Jump to content

Forland Plattgatter


FreddyB

Recommended Posts

Gjekk til innkjøp av ein Forland Plattgatter i heller dårleg forfatning for ei stund sidan, og har jobba seint og lite målretta med den etterpå.. Er totalt newbie på trebåt, men sidan far min ville selge den ut av familien, så måtte eg nesten berre handle. (Han gjekk til innkjøp av ein Nimbus 4000 i staden..)

 

Overbygget som var på båten var tvers i gjennom rote, og ikkje noko å satse på. I tillegg var det plasta tak på den, og eigaren før fatter'n hadde lagra båten på eit industriområde der dei produserte fôrmjøl. Og dette hadde på ein finurlig måte havna mellom finèren og glassfiberen, og blanda med vatn rotna dette ganske kjapt.. De greier ikkje å forestille dykk lukta av dette når sola sto og kokte roten fôrmjølgraut på fine sommardagar! Til og med måsane heldt seg langt unna båten. Vi ante i grunn ikkje kor gale det var før vi i forbannelsen tok stikksaga og saga ei diger flenge i taket.. :puke:

 

I alle fall, ny mahogny blei handla inn. Men det gjekk 11 mnd frå bestillinga vart gjort hos Tre og Finèr i Bergen til eg hadde alt heime.. Dei skulda på 9/11 og at eg var for kresen når det gjaldt mahogney. (Eg ville ha alt frå samme parti, for å få fargelikhet..) I alle fall, mahogney'en var på plass seinhausten 2002.

 

Var aldri så framsynt at eg tok bilder av prosessen med oppbygging, og dette angrar eg på! Ei heller var eg så framsynt at eg skifta ut dekket medan eg var i gang, men.. Ein kan jo ikkje tenke på alt, heller!

 

Men så var det dette med tid til alt, då.. Blei førstegangsfar i februar 2004, og då stoppa i grunn det meste opp. Brått vart det andre ting å konsentrere seg om, og dette lid båten av.. :sad: Ikkje for det, eg hadde ikkje bytta vekk den tida som har gått mot noko, likevel! Men det er så kjedelig å ha båten ståande i hagen år etter år.. :headbang: Og i oktober blir eg 2-barnsfar..

 

Men eg har forbant meg på at båten skal gjerast ferdig! Om enn berre for å stoppe kjeften på desse natige naboane eg har.. Dei har mora seg på mi bekostning lenge no, men eg skal nok stoppe kjeften på dei! Forsmedelig nok er ein av naboane svigerfar min.. Og han er kanskje den mest natige av dei alle! Så her må det sterkare lut til, gitt..

 

Motoren som står i er ein Volvo Penta MD40. Den snurra fint når eg sette båten på land, og med untak av eit rør til kjølevatnet som er av, er det meste intakt. 86 hk er heilt okai i ein slik båt.. Om eg treng å komme fram fort, får eg berre reise dagen før..

 

Legg ved eit par bilete av snella mi. Har høyrt rykter om at ein aldri skal skifte namn på ei gammal skute, fordi ho blir fornærma og greier.. Så då får det bli "Monica", då.

 

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Yo mama so fat, when she dances, she makes the band skip..

 

Forland Plattgatter - Olida.

Link to post
Share on other sites

Nokon som kan tipse meg om kva eg skal gjere med akterspeilet (eller er det berre seilbåt som har slikt?) mitt..? Tidlegare var det ei aluminiumsplate der, som gjekk ca 50 cm inn under båten, samt eit lite stykke opp på speilet. Så var der strekkfiskar og "trimplan" montert på denne plata igjen.. Men bakom aluminiumsplata såg det ganske så fælt ut, så eg skrudde den av og kasserte den. Men no er eg litt i stuss på korleis eg skal behandle dette. For slik eg ser det så ser dette litt "pinglete" ut.. Mtp. at eg har desse stålbeslaga som held bordgangane på sidene.. Bør eg få på plass noko lunde det samme på resten, eller?

Yo mama so fat, when she dances, she makes the band skip..

 

Forland Plattgatter - Olida.

Link to post
Share on other sites

En meget flott båt....

 

Har sett lignende båter med epoxylimt finnerplate på akterspeilet som har vært meget velykket. Har også div. prosjekter på nett der slike opperasjoner har vært beskrevet. Har desverre ingen link men vil trå at noen at "trebåtekspertene" her på forum kan hjelpe deg...

Båten har sin faste plass i hagen.......

Link to post
Share on other sites

Dersom akterspeilet er av kryssfiner i dag og er godt uttørket, det er det vel siden båten har stått på land en stund, så bør det ikke by på noen problemer å lime på ett eller flere lag med kryssfiner på utpå akterspeilet.

 

Husk på å bruke epoxy som er beregnet på båtbygging og dermed tåler vann.

 

Pletene skrur du sammen med den som er der med mange skruer (helst med glatt hals) samt at du borer mange små hull i krysfineren for å sikre at innestengt luft mellom platene kommer ut. Selv boret jeg hull med ca 10cm avstand når jeg limte sammen flere lag med kryssfiner.

Link to post
Share on other sites

Vel.. Plata er i og for seg grei nok, men det eg tenkte på er avslutninga av bordgangane under båten. Tidlegare har jo dette vore skjult av aluminiumsplata, slik at eg ikkje har sett ting, men.. No er det jo "ute i dagen"..

 

Men det er vel kanskje ikkje så farlig, dette.

Yo mama so fat, when she dances, she makes the band skip..

 

Forland Plattgatter - Olida.

Link to post
Share on other sites

  • 3 år senere...

Då var arbeidet på denne i gang igjen. Ungane har blitt eldre, og klarar seg meir sjølv, så då får "pape'n" meir tid til sitt eldste barn..

 

Lagt dørk i båten, brukte impregnert - og la det romt - mtp. utviding av treverk. Har mekka ny motorkasse.. I morgon går eg i gang med arbeidet under båten. Har hatt vannspredaren ståande under båten i 4-5 dagar, og dette har nok hjelpt på trutninga.

 

P7230147.jpg

P7230148.jpg

 

Ein del arbeid igjen, gitt..

Yo mama so fat, when she dances, she makes the band skip..

 

Forland Plattgatter - Olida.

Link to post
Share on other sites

Første strøk er lagt på bunnen. Bilder av elendet i morgon. Dagens mest optimistiske; han som trudde at ein halv liter primer var nok til 27 fot med båt.. Må mao. på sjappa i morgon og handle 2-3 boksar til.

Yo mama so fat, when she dances, she makes the band skip..

 

Forland Plattgatter - Olida.

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...