Jump to content

AGM batteri havarerte under lading, - merkelig spenningsmåling


Havlengt

Recommended Posts

Var og såg på eit tilfelle i dag:

Batteribanken består av to stk sønnak AGM 180Ah på forbruk, eit stk Anda Olsen AGM 150Ah på start og eit mindre sønnak AGM på 80Ah til thruster og vinsj.

Ladinga er kopla saman med ein Mastervolt Battery mate ladestrømsfordeler med tre utgangar, ladaren er ein Waeco 50A, denne er stilt på lavaste nivå for float og vedlikeholdslading.

Når båteigar kom ombord i dag lukta det umiskjenneleg av knallgass, når han opna luka spruta det syregass ut av

( overtrykksventilen? ) i det eine forbruksbatteriet, batteriet var forøvrig glovarmt. Kjølevifta gjekk på batteriladaren, dette indikerer at den har vore aktiv og leverte ein betydeleg ladestraum innpå det nevnte batteriet. Må nevnast at båten var på dagstur i går, slik at forbruksbanken var nokså fullada når ladaren vart tilkopla i går kveld.

Etter at batteriet var demontert kopla me ladaren inn igjen, den oppførte seg normalt på den måten at han raskt gjekk over til vedlikeholdslading ( batteria var jo fullada ) Testa også dynamolading for å vera sikker, dette fungerte også heilt som forventa.

 

Det havarerte batteriet hadde ein spenning på 13,1V ca to timar etter at det vart fråkopla. Trudde at hendelsen skuldast ei havarert celle i batteriet, men det stemmer ikkje med spenningsmålinga.

Kan nevna at batteria er knappe to år, båten ligg med kontinuerlig lading, batteria står i motorrom, ladaren har ikkje temp. sensor på batteria.

Mange ting tyder på at batteriet har vorte uttørka over tid med kontinuerlig lading, men burde ikkje kvilespenningen vore under 12V på eit havarert batteri?

Redigert av Havlengt (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Med den settingen ladaren hadde, skal spenning i vedlikehaldsfasen vera 13,5V ( det er kontrollert ved måling )

Battery Mate er ikkje diodebasert, skal vera kurant å bruka den med "intelligente" ladarar. 

I praksis har ladestraumsfordelinga fungert problemfritt, ladaren har også regulert riktig ihht. oppnådd spenningsnivå / tid.

 

Min teori er at det har oppstått ein akutt feil på det eine batteriet, denne har vore sjølvforsterkande på den måten at ladaren har kompensert med auka ladestraum.

Men kva kan ha skjedd med batteriet som har ført til at denne situasjonen oppstod..?

Spenninga indikerer ikkje kollaps av ei eller fleire celler..

Redigert av Havlengt (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...