Jump to content

Dickinson Alaska slutter å brenne


Bortafor

Recommended Posts

Eg har ein Dickinson Alaska som eg har mykje glede av, men so er det det at den kan plutseleg slutte å brenne. Eg finn ikkje ut av kva problemet er. Trur det kan vere luft i drivstofftilførselen. Er det nokon som har ein slik omn som veit om mann bør lufte systemet om man td har skrudd frå kvarandre anlegget? Eg har hatt problemet fleire gonger, har renska opp i brennpotta, har skrudd røra som fører drivstoff til omnen frå kvarandre og søla parafin utover heile båten, har byta alle slanger, pumpe og filter frå dagtanken og til kopparrøret som fører bort til omnen, men problemet kjem tilbake kvar gong. Eg har lurt på om det kan komme inn falsk luft inn ein stad, men eg gar no nye, doble slangeklemmer på alle slanger. Når den slutter å brenne hjelper det å klemmer nokre gonger på pumpa, da begynner den å brenne igjen, men kan so slokne igjen rett etterpå. Pumpa har da blitt slapp igjen, altso det har kome inn luft. Trur eg. Nokon som kan stille ei diagnose? Den soter også mykje i potta, so mykje at det drysser koks ned i hyllet der parafinen kjem ut, slik at eg 1 gong i månaden må skru av røret under brennkammeret for å blåse soten ut av røret igjen. Dette kan også vere årsak til at den slokner, men også rett etter opprensking av dette røret sloknar den, difor tenker eg på falsk luft. Nokon som har tips?

bilde

Link to post

Ja det er fall, ganske mykje. Tanken og røret i den er også renska opp, for der var det dieseldyr. Eg kjøpte båten i juni, den forrige eigaren har ikkje nemnt noko problemer. Eg har opplevd sot heile tida, men det med at den blkr tett kom for fyrste gong når eg begynte å fyre dagleg i haust. Da bytta eg alle slanger, klemmer, pumpe og filter. Og blåste ut tilførselsrøret for sot. So brente den fint igjen eit par veker, so skjedde det same med at den berre sluttar å brenne. Springer då fram og tilbake til ankerbrønnen det tanken stær for å pumpe. Av og til gjelper det nokre dagar, av og til pumoer eg 4-5 gonger og gir so opp og går over på varmeomn i staden.. Har prøvd å lufte systemet ved å skru opp her eller der i koplingane under omnen, ein gong putra det ut ein del luft, men for det meste fossar det berre ut parafin. Er usikker på om dette med luft i det heile tatt kan vere eit problem, om det er slik at ein bør lufte systemet av og til, kvifor er det då ingen lufteskue? Tungvint å skru opp koplingane. Nokon som kjenner til dette?

bilde

Link to post

Tror det fort blir problemer når du har tank med stigerør, uansett hvor stort fall du har fra tanken,så må drivstoffet "suges" opp fra bunn av tanken. det er jo lite forbruk på en slik ovn, og hver gang regulatoren stenger, er det fare for at drivstoffet i stigerøret synker ned i tanken igjen. Særlig hvis det er lite i tanken.  Prøv å rigg deg til med en liten tank med utløp i bunn og gjør en test.

Link to post

Hei

 

Me har ein Dicinson Newport i vår båt. Dette er så å seia same omnen som trådstartar har. Eg monterte omnen i 2005, og har same type tank som deg. Det er ikkje meir enn 20-30 cm fall, og det har funka fint i alle år.

Det har aldri vore naudsynt å lufta systemet.

Eg trur difor ikkje stigerøyret, pumpa eller mangel på fall er årsaka. Du har sikkert sjekka at tanken får inn luft? Eg plar ha korken open ein halv tørn, så er eg sikker på at det kjem luft inn i tanken.

Eg har mest tru på at det er eitkvart som blokkerar i omnen.

 

Lykke til. Fortel oss gjerne kva som er årsaka, når du har løyst problemet.

 

 

Ask

Link to post

Ja det er lufting på tanken, veniltilen er ope. Ja kanskje problemet er i regulatoren. Men har dokker skrudd av noko rør, slanger eller pumpe nokon gong slik at det har kome inn luft, og so brenner det fint utan at ein treng å lufte? Kor blir det av lufta da? Forsvinn den ut gjennom regulatoren? Det at pumpa ikkje held seg hard, men lager surklelyder når man klemmer på den, tenkte eg tyder på at der er luft, eller kjem inn luft... Har dokke skrudd opp regulatoren nokon gong? Sotar det inni brennpotta slik at det drysser ned sotflak som etterkvart fyller opp på botnen?

Link to post

Jeg tror du skal få deg en ny tank, uten stigerør. Parafinen skal ha fritt fall hele veien. Jeg har tanken plassert ute på akterdekket, og ikke veldig mye høyere enn ovnen, som også er en Dickinson. Jeg har uløpet i bunnen av tanken, uten noe stigerør. Aldri noen problemer med tiførsel av parafin. Dickinson ovner "suger" ikke parafinen opp av tanken. 

Not like everybody else----owner of metal boat and plastic car (Think) + MGB 68 mod.

Link to post

Da har eg vore i kontakt med fleire forhandlere for å få råd, og endte til slutt hos en nederlandsk firma som hadde hadde skikkeleg god peiling på Dickinsonomner! Fekk i kvart fall utelukka at problemet kan vere luft i systemet eller stigerør i tank. Stigerør i tank er heilt ok, so lenge det selvfølgeleg ikkje er noko tette rør eller noko slikt. For å få opp parafinen har man pumpe, og ellers er det heverteffekt. Luft i systemet er ikkje noko problem, for det skal forsvinne ut gjennom regulatoren, so å prøve å lufte systemet er ingen vits i. Derimot tipsa dei om at det kunne vere drit i silen ved inntaket til regulatoren, eller nåla i regulatoren. So no ha eg skrudd opp den, og gjort rein det vesle som var av skit. Fekk også konstatert at når eg skrur opp røret inntil regulatoren so strømmer parafinen fritt og fint, so ingenting tydar på at det er noko i vegen med tilførsel av drivstoff fram dit. No brennar det fint igjen i omnen, spent på kor lenge det held denne gongen, eller om det blir stopp igjen. Kanskje var det berre litt skit i silen som var problemet... Blir i alle fall godt kjent med omnen!

bilde

Link to post

Ser at du fikk gode råd og fant problemet til slutt.  Har samme ovn og den har fungert fint i 5 år, og min brenner gjerne en måned i strekk.  Den lille silduken som står innenfor messing albuen på inntaksia av regulatoren blir etter hvert tett - selv om du har et filter på ledningen fra tanken og inn. (ser ut som det er et filter på slangen din rett etter tanken.)  Bruksanvisningen sier at den lille silen skal ut for rengjøring en gang i året.  Det er litt ofte for meg, jeg tar den nå ovnen begynner å sote og brenne med gul flamme under ringen i brennkammeret.  Første rengjøring var nødvendig hos meg etter 3 år.  Jeg har et fint bensinfilter på slangen etter tanken, det stopper nok en del av dritten som ellers ville fulgt med til silen i regulatorhuset. Bruksanvisningen sier forresten også at minste fall fra tanken til topp av regulator er 30 cm.

Link to post

Messing albuen som er nederst på regulatoren - og som ikke er koblet til noe hos deg, er overløp i tilfelle regulatoren svikter og den flyter over av drivstoff.  Fra den albuen skal du (i følge bruksanvisningen) føre et rør eller slange ned i en tom tank som har same kapasitet som tanken som forsyner ovnen..  Kan være noe å tenke på å lage til?

Link to post

Det stemmer at du kan (må) pumpe opp parafinen hvis du har stigerør. Men det er helt unødvendig med pumpe og stigerør hvis det er fritt fall hele veien. Dessuten virker ikke hevertprinsippet hvis det skulle komme luft i slangen. Da stopper det opp. Så hvis det ikke hjelper med en rensing av silen, prøv en annen tankløsning:-)

Not like everybody else----owner of metal boat and plastic car (Think) + MGB 68 mod.

Link to post
  • 1 måned senere...

Har omsidet funne ut av det eine problemet i allefall, men omnen er framleis trøblete. Det at den slutta å brenne må ha vore falsk luft, eg får ikkje slangene mellom tanken-krane- filter heilt tett. Merkeleg nok, alle slanger ig slangeklemmer er byta ut, mistenker er krana lek av og til... Men no er det dukka opp eit nytt problem, omnen brenn skreivt. Det blir ein stor gul flamme på eine sida, som soter til kammeret. Om eg skrur ned regulatoren blir den gule flamma mindre, men resten blir også mindre og begynner å brenne under ringen. Her blir det masse sot. Gjer omnen rein mesten dagleg. Soting har vore eit problem heile tida, hører frå dokker som også har dickinson at den brenner reint.. men kor reint? Blir det ikkje sot inni potta altså? Eller under ringen? Legger ved eit bilete frå når eg har fyrt i omnen ein gong etter reingjering. Det blir altså svart og flakete med ein gong, og etter ei veke er det tjukke flak som drysser nedi potta..Nokon som veit kva som kan vere grunnen til at den brenner skeivt? Det ser ut som at flammene blir blåst mot eine sida. Før so brente det berre rett opp..

bilde

Link to post

Eg trur det kanskje er kopparringen, den som ein legger på brennpotta. Den har bøyd seg. Må prøve å få retta den ut, men anar ikkje kven som kan gjere slikt? At du fyrer med parafin var interessant, eg fyrar også med parafin, men lurte på om eg skulle prøve diesel! Den forrige eigaren sa at han har bygd om omnen til parafin, men når eg ringte til importøren av Dickinson hadde dei aldri hørt om egnevdeler/regulator til parafin. Har du gjort noko med regulator før du begynte med parafin? Har du ingen flaking lenger, altså heilt blankt i potta?! Kan du sende bilde?

Link to post

Hei

 

Lite soting etter at eg bytta til parafin, og eg kan ikkje hugsa sist eg såg sotflak.

 

Eg monterte omnen før ein tur til Svalbard, i 2005. Om eg minnest rett skal regulatoren justerast, eller byggast om, om ein skiftar til anna type drivstoff. Eg har aldri gjort det, og eg har fyrt både med diesel og parafin.

Dette har gått heilt fint.

 

Send tlf. nr. på IM, så skal eg senda deg eit bilete neste gang eg er i båten. Det kan gå eit par veker.

 

Du klarar sikkert å bøya den ringen sjølv.

 

Lykke til.

 

Ask

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...