JanB Posted July 5, 2005 Share Posted July 5, 2005 Årets båtpuss frå fenderlist og ned blei gjennomført i helga + i går (resten blir tatt mens båten ligg i sjøen). Som stoffing til drevet valde eg Jotuns drev-stoff på sprayboks. Den første kjøpte eg hjå Faanesen i Strandgaten i Bergen til kr 145. Så viste det seg at eg trong ein til. Denne gong hadde eg dårleg tid og stakk innom Grønner i Bystasjonen. Her var prisen for same boks 219 kroner! Makan til prisforskjell! Eg håpar inderleg at sjølve stoffet frå Jotun er bra, men sprayboksane er dårlege greier. Eg fulgte bruksrettleiinga og rista boksen 3-4 minutt (2 skulle vera nok) og starta sprayinga. Berre etter nokre sekund begynte trykket og bli svakt og i staden for jevn spray kom "klattar" med stoff. Kort tid etter, medan boksen framleis var godt over halvfull, var det umogleg å få ut meir. Lettare fortvila fann eg fram neste boks (den dyre), men nøyaktig det same skjedde då. Før eg hadde fått lagt eit heilt strøk på drevet (og det bør vera to strøk) var det slutt, - mesteparten av stoffet kom ikkje ut av sprayboksen. Det kunne virka som om det var dysene på boksane som var problemet. Eg fann difor ein gammal sprayboks med eit eller anna frå International og flytta dysa frå denne over på ein Jotun-boks. Og dermed funka det! Med dyse frå konkurrenten... Og dermed fekk eg gjort jobben likevel. :nono: Konkusjon 1: Dysene på drev-spayboksane må vera av svært dårleg kvalitet. Inntil Jotun evt. gjer noko med det, vil eg ikkje anbefala nokon å kjøpa dette produktet. Det nyttar ikkje om stoffet er aldri så bra, om det ikkje let seg gjera å få det ut av boksen. Konklusjon 2: Sjekk prisar rundt omkring, før du kjøper (det var vel eigentleg ikkje noko nytt... ). Quote Blogg: Livet i ein Nauticat 33 Link to post
Birchwood 320 Posted July 5, 2005 Share Posted July 5, 2005 Hadde akkurat samme opplevelse når eg stoffet drevet mitt her om dagen. Fekk ut ca halvparten av innholdet.. Elendigt Quote Fjord 27 AC TMD40 Birchwood 33 Classic 2 X 150 hk Ford Mercraft 19.5 knopWellcraft Excel 26SE V8 Starpowr 7,3 IDI 270Hp(270hk) 37 knop.Firmanavn: Motordeler.com Link to post
Blue_Dragon Posted July 6, 2005 Share Posted July 6, 2005 Var svært fornøyd med boksen i fra SeaJet. Kostet riktignok en del, men det var rikelig igjen når jeg var ferdig. Quote Link to post
sirius Posted July 6, 2005 Share Posted July 6, 2005 Hadde samme problemet med drev-sprayen fra Jotun, men eg fekk bytta begge boksane hos leverandøren og etter dette så fekk eg spraya drevet mitt. Men på boksane så står det at man må vente min.8 timar etter spraying før en sjøsetter. Det blei ikkje gjort med meg, så litt av efekten med " bunnsmøring" er sikkert borte. Sirius Quote Akkeladden 475 Fighter / Yamaha 55 Link to post
JanB Posted July 6, 2005 Author Share Posted July 6, 2005 Er det nokon frå Jotun som er inne på forumet vårt? Hadde vore interessant å få ein kommentar derifrå. Det virkar som om eit parti med ubrukelege drev-sprayboksar er ute i marknaden. Quote Blogg: Livet i ein Nauticat 33 Link to post
saga Posted July 6, 2005 Share Posted July 6, 2005 Snakket med en nabo i båthavna i ettermiddag og han hadde opplevd det samme med Jotun sine spraybokser allerede i fjor. Quote Link to post
Brigg Posted July 7, 2005 Share Posted July 7, 2005 (edited) Opplevde det samme på Jotuns drevspray innkjøpt i år, dysen tettet etter få sekunder. Jeg hadde imidlertid en halvfull boks til overs fra i fjor, og med dysen fra denne fikk jeg tømt den nye boksen. Kanskje noe i utsagnet om at alt var mye bedre før. Edited July 7, 2005 by Brigg (see edit history) Quote Viksund 340 St. Cruz: Tre-roms fritidsbolig med to terasser og fleksibel beliggenhet. 2009 - 0000: Viksund 340 St.Cruz Fly m/VP D6-370/HS80AE 2003 - 2009: Halco 29 Offshore Fly m/VP 41B/290DP Link to post
Recommended Posts
Join the conversation
You can write a topic or comment now, it will be posted after you have registered. If you have an account, sign in now to post with your account.