Jump to content

Robåt/segl


Rundø

Recommended Posts

Ynskjer og anskaffe meg ein robåt med seglføring, 17-20 for. Har tidligare hatt spissbåt på 17 fot med motrobrønn. Denne var relativ brei, men ikkje so tung. Den var særs lettrodd. Desverre vart den knust i fjæra då den sleit seg og eg var reist vekk.

 

Har vokse opp ved havet og rodd mykje færing. Det er dei beste minna eg har frå oppveksten. Ro ut og sette småline, fiske krabbe og dorge langs land. No går det unda  med plastbåt og påhengsmotor. Vist vert det mykje turar og fisk på middagsbordet. Men eg saknar ein trebåt og lukten av tjære.

 

Min svigerfar hadde ein liten nordlandsbåt, trur den var berre 16 fot. Den var rank, hadde seglføring og motorbrønn.Båten og nauste den var i vart teken av ein vinterstorm for eit par år sidan. Svigerfar drøymar om at vi skal gå ilag om ein større nordlandsbåt. Han er spesielt intresert i segling, og er ofte med større farty. Dette er båtane som Lofotr vikingmuseum er eigere av. Store prektige skuter, den størstre som er kopi av Gokstadskipet er sikkert 60-70 for lang, enorm og brei skute.

 

Eg sjølv er ikkje so intresert i segling, mest og ro. Men etter og ha sett fine nordlandsbåtar i sving, må eg sei meg begeistra.

 

No ynskjer eg ikkje og gå ilag om større båt slik svigerfar vil. Eg vil ha hendig båt som ein kan betjene åleine, både ro go segle.

 

Ny eller brukt er og noko eg funderar på. Ser ein del brukte på finn.no. Nokon billige og andre dyre. Her er ein som kanskje er aktuell? : https://www.finn.no/boat/forsale/ad.html?finnkode=83459029&ref=conversation&fks=83459029

 

Ser greit ut med motorbrønn, eit must vil eg sei. Er glad i og dorge sjøørret, so motor er kjekt når ein skal på rein fisketur eller når ein er tung i armar og treng litt pause.

 

Nokon som har innspel på kva eg bør kike etter?

 

Har ikkje noko erfaring med nordlandsbåtar då eg er oppvaksen på sunnmøre og meir vandt til den lokale varianten.

 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...