Ask Startet 16.Mars.2018 Del på Facebook Startet 16.Mars.2018 Hei Eg må ha nye pumper i båten. Utgangspunktet er ein seglkatamaran med ei manuell lensepumpa i kvart skrog. Pumpene er ikkje gode nok ved ein større lekkasje. Eg har òg ei bensindreven lensepumpa, som ikkje er fast montert, men kan brukast i begge skrog. Pumpa har svært god kapasitet, men alle veit at det kan vera vanskeleg å starta mindre bensinmotorar. Pumpa kan ikkje tørrkøyrast, og bråkar som ville f. Kommunikasjon i ein nødsituasjon kan difor bli vanskeleg. Eg lurar på om eg skal kjøpa to gode 12 volts lensepumper, av god kvalitet, og montera ein i kvart skrog. Pumpene kan gjerne ha flottørbrytar. Forslag til pumpa? Eg har òg ei 230 v, 10 amp, kloakkpumpa ståande. Pumpa er av god kvalitet (og godt reingjort). Pumpa har god kapasitet, kvern, og lar seg neppe tetta av mindre gjenstandar. Då treng eg berre å kjøpa ein kraftig inverter, som toler stor startstraum. Ein slik løysing vil nok tappa batteria raskt, men eg kan sjølvsagt starta motorane. 2*220 ah forbruksbatteri, og 2 *80 a dynamoar. Dersom ein slik inverter funkar på pumpa, kan eg nok òg bruka den til å driva vaskemaskinen, men det er ikkje noko stort behov før ein eventuell ny langtur. Forslag til inverter? Pumpa kan ikkje monterast fast i to skrog samstundes, og eg er avhengig av å rigga den kjapt opp i ein naudsituasjon. Pumpa har flottørbrytar. Synspunkt? Pumpa kan sjølvsagt kombinerast med mindre fastmonterte 12-volts pumper. Eg er takksam for synspunkt. Eg er òg takksam for andre forslag. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 17.Mars.2018 Emnestarter Del på Facebook Svart 17.Mars.2018 Ingen synspunkt? Sitér dette innlegget Link to post
Sun Flyer Svart 17.Mars.2018 Del på Facebook Svart 17.Mars.2018 Har en whale I hvert skrog i tillegg til de manuelle. Evald er ordentlig kvalitet, men ikke veldig raske. Sitér dette innlegget Motorbåt er harry - A. Rosèn Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.