Jump to content

Kor kan eg kjøpe store, galvaniserte augeboltar med gjenger og mutter på Sotra eller i Bergensområd?


Kark II

Recommended Posts

Eg treng augeboltar til flytebrygga mi. Brygga er galvanisert, og difor treng eg vel galvaniserte boltar òg. Det er mange hol i brygga og utriggarane som er godt eigna til å feste augeboltar i, men boltane eg finn på typisk Biltema, Jula, Maritim, Sotra Not etc. er for små. Brygga og utriggarane er 13cm tjukke og hola har diameter på over 30mm. Tjukke boltar er vel ikkje så nøye (sjølv om det er å føretrekkja), men eg slit med å finne lange nok augeboltar. Er det nokon som har tips til kor på Sotra eller i Bergensområdet slikt er å få tak i? 

Link to post
Mort1 skrev for 1 time siden:

Du kan prøve hos Tools/Astrup i Godvik, de er industrileverandør på bla skruer og bolter......

Takk for tips. Eg var nett innom, og dei hadde berre augeboltar med svært kort gjengeparti. 

 

JonnyBoy skrev 44 minutter siden:

Carl Stahl på Nesttun er store på løfteutstyr.

Vet ikke om de selger til privatpersoner, men det er kanskje verdt et forsøk?

 

http://www.carlstahl.no/

 

 

Takk. Då prøver eg det neste gong eg køyrer forbi. 

Link to post
eysteind skrev 35 minutter siden:

Jepp. Dette blei løysinga. Fann løftsøyre, gjengestong, skjever og mutter på Mekk. Løfteøyrene kunne godt vore større, men det dukkar kanskje opp nokon som veit om andre plassar. Kanskje Tess som bellen foreslår. Førebels vert behovet dekka (les: små båtar og tynne tau). 

 

Takk for alle innspel :smiley:

Link to post

Godt forslag fra eysteind, da finner du passende bolt og setter inn nedenfra, låser øyemutter med loctite gjengelåsing, tungt løselig. 

 

Ble litt sein den, fint du fant en løsning.

 

Jeg har montert 2 ekstra ører i min bås, men har brukt syrefast, og dreiet isolasjonsforinger i pom(plast) slik at galvanisert og syrefast er helt isolert fra hverandre.

Edited by Mort1 (see edit history)
Link to post

Med nærare augesyn ser eg at Biltema har større løfteøyrer enn Mekk. Eg kjøpte M12, medan eg ser eisteind linkar til M20. Styrken på M12 er nok heilt fin til mitt bruk, men holet i øyra er nok sikkert større og lettare å bruke enn det vesle holet i M12-øyra. Men det ser ut til at Biltema sel galvanisert M20 øyrer, men berre syrefaste gjengestål? Blir ikkje det ein problematisk match? 

Link to post

Husk galvspray på kuttflatene ellers så ruster det nesten med en gang..

Alle proffpartner butikker har dette eller kan bestille, men sjekk pris, det kan variere veldig fra leverandør til leverandør..

Link to post

Create an account or sign in to comment

For Norwegians: Hvis du leser dette så er engelsk forumspråk aktivt, du kan endre dette til norsk med "System Language" knappen nederst på alle sider

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now


×
×
  • Create New...