Jump to content

Prosjekt. Bygga flytebrygga. Lavbudsjett.


Ask

Recommended Posts

Hei 

 

Noko skal ein jo gjera for å få jolaferien til å gå. 

 

Mitt jolaprosjekt er å snekra ei flytebrygga. 

 

Eg har tre flytebrygger frå før, og tanken er å bygga denne flytebrygga enkelt og rimeleg. Ikkje minst å bruka ting eg har frå før. 

 

Det første er å kjøpa ein stad å ha brygga. Det er den dyre delen....

 

Her er brygga under bygging. Bjelkane er 2*6, 5,4 meter lange, trykkimpregnerte, og kjøpt for formålet. Pris 2000, inkludert ca. 50 meter terrassebord, 28*120 mm. Om ein ser etter ser ein at bjelken i enden er gjenbruk. Endebjelkane er frå ein gamal terrasse eg reiv. 

 

Desse Bjelkane er 30 år gamle, og av "den gamle gode" giftige sorten. 

 

Bygginga blir gjort i eit av nausta. Der har eg ljos, og det bør vera overkommeleg å få skubba brygga ut. Det er òg greitt å kunne stå inne, og å starta og avslutta arbeidet utan mykje rigging av utstyr. 

DSC_1525.JPG

Redigert av Ask (see edit history)
Link to post

Dyreste med et sånt prosjekt er vel om man må kjøpe galvaniserte hjørnebeslag. Biller meg inn at vi i sin tid, 2006, betalte 800 pr stk, da med øye/ bøyle for innfesting av tau.. 

 

nå har brygga vokst til 15 meter, i stål, seksjon av gammelt oppdrettsanlegg. Nytt terrassedekke, så den ser ny ut. Nye utriggere også forsåvidt. 

 

Hva slags landfeste skal du ha? Stag og kjetting eller tau/ kjetting i land og tunge ting i sjøen? 

Link to post

Hei 

 

Eg kasta nokre hjørnebeslag for nokre år sidan, og angrar litt på det. 

 

Brygga skal fortøtast utanfor ein gamal steinkai. Eg tek ikkje tjangsen på å fortøya i kaien, men borar i berget ved sida av kaien. Eg tenkjer å bruka kjetting til forbi hjørnene på kaien. Deretter tau. Det er ein ekstremt roleg våg, og brygga skal berre brukast til småbåtar. 

 

Lodda blir sprengstein med hol i. 

Tau mellom lodd og brygga. 

 

I hjørna har eg skrudd byggbeslag, festa med skruar, og gjennomgåande galvaniserte boltar. 

 

Bjelkane er òg skrudd saman med 75 mm skruar, og med 120 mm franske treskruar. Alt rester frå tidlegare prosjekt. 

 

Ask 

Link to post

Eg snekra ikkje på heile dørken før sjøsetting. Dette for å halda vekta nede ved sjøsetting. Sjøsetting hadde gått fint sjølv om brygga hadde vore tyngre. Det var ein liten tabbe å ikkje legga dørken medan brygga var i naustet. No blir det å legga resten av dørken ute. Dvs. at eg bør ha dagslys, og ikkje regn. Det siste kan bli eit problem, for å bruka eit politisk ukorrekt uttrykk. 

 

Ask 

 

 

Link to post

DSC_1573.JPG.7f28c288790d550d13f9f0c5157608c6.JPGHe he, Eureka. 

 

No er dørken/dekket på brygga ferdig. 

 

Det gjekk ganske greit. Eg kappa til borda, og lettmatrosen skrudde borda på plass. 

 

På biletet ser de ferdig brygga, med unntak av at eg ikkje har montert noko til  å fortøya i enno. 

 

Til høgre ser de "malen". Den nye brygga er 20-30 cm breiare, og har eit fat meir på kvar sida. Det gjer brygga vesentleg meir stabil. 

 

Ask 

Redigert av Ask (see edit history)
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...