Ask Startet 23.Desember.2018 Link til dette innlegget Startet 23.Desember.2018 (redigert) Hei Noko skal ein jo gjera for å få jolaferien til å gå. Mitt jolaprosjekt er å snekra ei flytebrygga. Eg har tre flytebrygger frå før, og tanken er å bygga denne flytebrygga enkelt og rimeleg. Ikkje minst å bruka ting eg har frå før. Det første er å kjøpa ein stad å ha brygga. Det er den dyre delen.... Her er brygga under bygging. Bjelkane er 2*6, 5,4 meter lange, trykkimpregnerte, og kjøpt for formålet. Pris 2000, inkludert ca. 50 meter terrassebord, 28*120 mm. Om ein ser etter ser ein at bjelken i enden er gjenbruk. Endebjelkane er frå ein gamal terrasse eg reiv. Desse Bjelkane er 30 år gamle, og av "den gamle gode" giftige sorten. Bygginga blir gjort i eit av nausta. Der har eg ljos, og det bør vera overkommeleg å få skubba brygga ut. Det er òg greitt å kunne stå inne, og å starta og avslutta arbeidet utan mykje rigging av utstyr. Redigert 23.Desember.2018 av Ask (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 23.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 23.Desember.2018 Dei svare flottørane har eg funne på rek. Gratis, og fin gjenbruk. Flottørane er 300 liter. Dei har auge, så dei er lette å knyta fast til brygga. Eg skulle gjerne hatt 8 slike. Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 23.Desember.2018 Link til dette innlegget Svart 23.Desember.2018 Dyreste med et sånt prosjekt er vel om man må kjøpe galvaniserte hjørnebeslag. Biller meg inn at vi i sin tid, 2006, betalte 800 pr stk, da med øye/ bøyle for innfesting av tau.. nå har brygga vokst til 15 meter, i stål, seksjon av gammelt oppdrettsanlegg. Nytt terrassedekke, så den ser ny ut. Nye utriggere også forsåvidt. Hva slags landfeste skal du ha? Stag og kjetting eller tau/ kjetting i land og tunge ting i sjøen? Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 23.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 23.Desember.2018 Hei Eg kasta nokre hjørnebeslag for nokre år sidan, og angrar litt på det. Brygga skal fortøtast utanfor ein gamal steinkai. Eg tek ikkje tjangsen på å fortøya i kaien, men borar i berget ved sida av kaien. Eg tenkjer å bruka kjetting til forbi hjørnene på kaien. Deretter tau. Det er ein ekstremt roleg våg, og brygga skal berre brukast til småbåtar. Lodda blir sprengstein med hol i. Tau mellom lodd og brygga. I hjørna har eg skrudd byggbeslag, festa med skruar, og gjennomgåande galvaniserte boltar. Bjelkane er òg skrudd saman med 75 mm skruar, og med 120 mm franske treskruar. Alt rester frå tidlegare prosjekt. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 24.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 24.Desember.2018 Tønnene må festast med band. Nokre hadde eg frå før, og nokre er kjøpt på Biltema. 25-30 kr for ein dobbeltpakke. Banda må festast. Det hadde vore greit å spikra banda fast med pappspiker, men det fant eg ikkje i verkstaden. Spiker og plastskiver frå då naustet var nytt på sekstitalet. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 24.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 24.Desember.2018 Det bør vera plank ved kvar ende av tønnene, slik at tønnene ikkje forskyv seg. Kapp gatasjebygging. Sitér dette innlegget Link to post
nordan family 27 Svart 24.Desember.2018 Link til dette innlegget Svart 24.Desember.2018 Mener jeg så endebeslag til en noe rimeligere pris sist jeg var på Seasea. Kan huske feil Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 26.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 26.Desember.2018 Då er brygga klar til sjøsetting. I morgon blir det stabelavløysing? Eg gløymde å ta bilete, og brått var det mørkt. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 27.Desember.2018 Link til dette innlegget Svart 27.Desember.2018 ? mest fornuftige man kan bruke juletiden til. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 27.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 27.Desember.2018 Hei I dag var det stabelavløysing. Stabelavløysinga gjekk så bra den kunne gå. Nokre kryssfinerplater under pontongane, så var det enkelt å skrubba brygga ut. Som nemnt var det eit poeng å halda prisen nede, og å bruka opp materialrester, men utan å vera fundamentalist. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 27.Desember.2018 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 27.Desember.2018 Eg snekra ikkje på heile dørken før sjøsetting. Dette for å halda vekta nede ved sjøsetting. Sjøsetting hadde gått fint sjølv om brygga hadde vore tyngre. Det var ein liten tabbe å ikkje legga dørken medan brygga var i naustet. No blir det å legga resten av dørken ute. Dvs. at eg bør ha dagslys, og ikkje regn. Det siste kan bli eit problem, for å bruka eit politisk ukorrekt uttrykk. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 27.Desember.2018 Link til dette innlegget Svart 27.Desember.2018 -men du tar regnet, som problem, på største alvor ? Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 1.Januar.2019 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 1.Januar.2019 (redigert) He he, Eureka. No er dørken/dekket på brygga ferdig. Det gjekk ganske greit. Eg kappa til borda, og lettmatrosen skrudde borda på plass. På biletet ser de ferdig brygga, med unntak av at eg ikkje har montert noko til å fortøya i enno. Til høgre ser de "malen". Den nye brygga er 20-30 cm breiare, og har eit fat meir på kvar sida. Det gjer brygga vesentleg meir stabil. Ask Redigert 1.Januar.2019 av Ask (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.